Esekiel 8 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Ånda fører profeten til Jerusalem

1I det sjette året, den femte dagen i den sjette månaden, hende det at Herrens hand kom over meg medan eg sat i huset mitt, og dei eldste mellom jødane sat framfor meg.

4Og sjå, der var herlegdomen åt Israels Gud, så som eg hadde sett han i dalen.

5Han sa til meg: «Menneske, lyft augo mot nord!» Då eg lyfte augo og såg mot nord, fekk eg auga på gudebiletet som gjorde Herren harm, nord for altarporten, nær inngangen.

6Han sa til meg: «Menneske, ser du kva dei gjer? Den styggedomen som Israels-ætta driv med her, er så stor at eg må fara langt bort frå heilagdomen min. Men du skal få sjå endå meir av stygge ting.»

7Så tok han meg med til porten som fører inn i tempelgarden, og der såg eg eit hol i veggen.

8Han sa til meg: «Menneske, bryt deg igjennom veggen!» Då eg hadde gjort som han sa, fekk eg sjå ei dør.

9Og han sa til meg: «Gå inn og sjå all den fæle styggedomen som dei driv med der.»

10Då eg kom inn, fekk eg auga på alle slag stygge bilete av krek og fe og alle Israels avgudar, som var innrita rundt ikring på veggene.

15«Ser du, menneske?» sa han til meg. «Men du skal få sjå meir styggedom som er verre enn denne.»

16Så førte han meg til den indre føregarden i Herrens hus. Og der, attmed inngangen til Herrens tempel, mellom forhalla og altaret, stod ikring tjuefem menn med ryggen mot Herrens tempel og andletet vendt mot aust. Dei bøygde seg mot aust og tilbad sola.

17Då sa han til meg: «Ser du, menneske? Er det ikkje nok at Juda-ætta gjer all denne styggedomen som dei har gjort her? Dei fyller då landet med valdsferd, og såleis vekkjer dei atter min harme. Sjå korleis dei held vinranka opp under nasen på meg.

18Så vil eg òg gripa inn i harme. Eg vil ikkje visa medkjensle eller skånsel. Om dei ropar aldri så høgt inn i øyro mine, vil eg ikkje høyra på dei.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help