1Hovudsaka i det vi her talar om, er dette: Ein slik øvsteprest er det vi har, og han har sett seg på høgre sida av Majestetens kongsstol i himmelen.
3Kvar øvsteprest vert innsett til å bera fram gåver og offer. Difor må Kristus òg ha noko å bera fram. Jesus er mellommann for ei ny pakt
6Men no har Kristus fått ei mykje større presteteneste; for han er mellommann for ei pakt som er så mykje betre og kviler på betre lovnader.
Sjå, dagar skal koma, seier Herren,
då eg gjer ei ny pakt
med Israels ætt og Judas ætt,
9ei pakt som er annleis
enn den eg gjorde med fedrane deira
den gongen eg tok dei i handa
og førte dei ut or Egypt.
For dei vart ikkje ståande i mi pakt,
og eg brydde meg ikkje om dei, seier Herren.
10Nei, såleis er den pakta eg vil gjera
med Israels folk i dagar som kjem, seier Herren:
Eg vil leggja mine bod i hugen deira
og skriva dei i hjarto deira.
Eg vil vera deira Gud,
og dei skal vera mitt folk.
11Då skal ingen lenger læra
sin landsmann og sin bror
og seia: «Kjenn Herren!»
For dei skal alle kjenna meg,
både små og store.
12For eg vil sjå på deira urett med miskunn
og aldri meir koma deira synder i hug.
13Når Gud talar om ei ny pakt, har han dermed sagt at den fyrste er forelda. Men det som vert gamalt og forelda, vert snart borte.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.