5. Mosebok 28 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Velsigningar

1Er du lydig mot Herren din Gud og legg vinn på å leva etter alle boda hans, som eg gjev deg i dag, skal Herren din Gud setja deg høgt over alle folkeslag på jorda.

7Når fiendane dine reiser seg mot deg, skal Herren syta for at du vinn over dei. Dreg dei ut mot deg på éin veg, skal dei røma for deg på sju vegar.

8Herren skal by velsigninga si vera med deg i matbua di og i alt du tek deg føre. Herren din Gud skal velsigna deg i det landet han gjev deg.

9Herren vil gjera deg til eit heilagt folk for seg, som han med eid har lova deg, så sant du held boda åt Herren din Gud og ferdast på hans vegar.

11Rikeleg skal Herren gje deg av alt det som godt er, av born og buskap og grøde på marka, i det landet Herren med eid lova fedrane dine å gje deg.

14Du må ikkje vika av, korkje til høgre eller venstre, frå noko av dei boda eg gjev deg i dag, så du ikkje held deg til andre gudar og dyrkar dei.Kva ulydnad fører til

15Men vil du ikkje lyda Herren din Gud, legg du ikkje vinn på å leva etter alle boda og føresegnene hans, som eg gjev deg i dag, skal alle desse forbanningane koma over deg og nå deg:

16Forbanna vere du i byen

og forbanna ute på marka!

17Forbanna vere di korg og ditt bakstetrog!

18Forbanna vere di livsfrukt

og grøda av di jord,

det som vert født av storfe,

og det som kjem til mellom småfe!

19Forbanna vere du når du kjem inn,

og forbanna når du går ut!

20Kva du så tek deg føre, skal Herren senda forbanning, rådløyse og trugsmål over deg, til du vert utrudd og brått går til grunne, fordi du bar deg så ille åt at du gjekk bort frå meg.

21Herren skal ikkje la pesten sleppa taket på deg før han har rudt deg ut or det landet du no går inn i og legg under deg.

22Med tæring og verk skal han slå deg, med kulsing og feber, med turk og kornbrann og rust. Dette skal forfylgja deg heilt til du går til grunne.

38Mykje korn skal du så i åkeren, men lite skal du hausta inn; for grashoppene et det opp.

64Herren skal spreia deg mellom alle folka frå den eine enden av jorda til den andre, og der skal du dyrka andre gudar, som korkje du eller fedrane dine har kjent, gudar av stokk og stein.

65Mellom desse folka skal du aldri få ro og aldri finna kvile for foten din. Der skal Herren gje deg eit skjelvande hjarta, eit sviktande syn og ei motlaus sjel.

66Livet ditt skal hanga i ein tynn tråd. Dag og natt skal du leva i redsle og aldri vera trygg for livet ditt.

67Om morgonen skal du seia: «Gjev det var kveld!» og om kvelden: «Gjev det var morgon!» Slik redsle skal du kjenna i hjarta ditt, og så fælt er det du får sjå.

68Herren skal senda deg attende til Egypt på skip, den vegen eg sa at du aldri meir skulle sjå. Der skal de freista å selja dykk sjølve til trælar og trælkvinner til fiendane, men det finst ingen som vil kjøpa.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help