Salmane 87 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Borgarrett i Sion

1Av Korah-songarane. Ein salme.

Ein song.

Byen er grunnlagd på heilage fjell.

2Herren elskar Sion

mest av alle Jakobs bustader.

3Herlege ting er sagde om deg,

du Guds by. Sela

4Eg reknar Egypt og Babylonia

mellom dei som kjenner meg.

Om dei som bur i Filistarland, Tyrus og Nubia,

heiter det: «Dei er fødde der.»

5Men om Sion skal det seiast:

«Der er alle fødde.»

Den Høgste sjølv har grunnfest byen.

6Når Herren skriv opp folka,

tel han og seier:

«Her er denne fødd.»

7Så syng dei og dansar og seier:

«Alle mine kjelder er i deg.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help