Salmane 115 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Israels Gud velsignar

1Lat ikkje oss få ære, Herre,

ikkje oss, men ditt heilage namn!

For du er god og trufast.

2Kvifor skal folkeslaga seia:

«Kvar er no deira Gud?»

3Vår Gud er i himmelen,

alt han vil, det gjer han.

4Deira gudebilete er laga av sølv og gull;

dei er eit verk av menneskehender.

5Dei har munn, men kan ikkje tala,

dei har augo, men kan ikkje sjå.

6Dei har øyro, men kan ikkje høyra,

dei har nase, men kan ikkje lukta.

7Dei kan ikkje gripa med sine hender

og kan ikkje gå med sine føter;

dei har ikkje mål i strupen.

8Såleis vert dei som lagar dei òg,

og alle som set si lit til dei.

9Israel, set di lit til Herren!

Han er deira hjelp og skjold.

10Arons ætt, set di lit til Herren!

Han er deira hjelp og skjold.

11De som ottast Herren, lit på han!

Han er deira hjelp og skjold.

12Herren kjem oss i hug og velsignar oss.

Han velsignar Israels ætt,

han velsignar Arons ætt.

13Han velsignar dei som ottast han,

dei små med dei store.

14Gjev Herren må la dykk auka i tal,

både dykk og borna dykkar!

15Velsigna vere de av Herren,

han som skapte himmel og jord!

16Himmelen er Herrens himmel,

men jorda gav han til menneska.

17Dei døde prisar ikkje Herren,

det gjer ingen som stig ned i stilla.

18Men vi skal lova Herren

frå no og til evig tid.

Halleluja!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help