Forkynnaren 10 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Ordtak om visdom og dårskap

1Når ein lagar salve, kan daude fluger

få oljen til å lukta og gjæra.

Litt dårskap veg meir enn visdom og ære.

2Vismanns hug står til det som er rett,

dårens hug til det som er rangt.

3Jamvel når dåren ferdast på gata,

vantar han vit.

Han lèt alle sjå at han er dum.

4Om styresmannen harmast på deg,

skal du ikkje gå frå din plass;

for sinnsro kan hindra store synder.

5Ein uting har eg sett under sola,

eit mistak av den som har makta:

6at dårar kjem i høgsetet,

medan rikfolk må sitja nedst.

7Eg har sett trælar ri på hestar,

medan stormenn gjekk til fots som trælar.

8Den som grev ei grav, kan sjølv detta nedi;

den som riv ein mur, kan ormen bita.

9Den som bryt stein, kan få mein av det.

Den som høgg ved, kan koma i fare.

10Når øksa ikkje bit og egga er uslipt,

må ein bruka di større kraft.

Den vise har større von om å lukkast.

11Når ein mann vert biten av ein orm

før maningsordet er sagt,

kva gagn har han då av si kunst?

Ver varsam i tale!

12Den vise vinn velvilje

med orda han talar,

men dårens lipper skader han sjølv.

13Dei fyrste ord frå hans munn er dårskap,

og det siste han seier, er reine galskapen.

14Dåren brukar mange ord;

men ingen veit kva som skal henda.

Kven kan fortelja mannen

kva som skal koma når han er borte?

15Dåren masar så han vert trøytt,

han som ikkje eingong veit vegen til byen.

16Ve deg, land som har eit barn til konge

og stormenn som held gilde frå morgonen av.

17Sælt er du land

som har ein høgætta konge

og stormenn som held måltid i rette tid,

sterke menn som ikkje drikk.

18Når latskapen rår, sig bjelkane ned,

og sit ein med hendene i fanget,

dryp det inn i huset.

19Folk held gjestebod for å moroa seg,

og vinen gjev glede i livet.

Alt dette kan ein få for pengar.

20Ikkje eingong i tankane

skal du forbanna kongen.

Jamvel ikkje i ditt soverom

må du forbanna den rike.

For himmelens fuglar ber lyden av stad,

dei som har venger, fortel kva du har sagt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help