Ester 6 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Mordekai får stor ære

1Den natta fekk ikkje kongen sova. Han bad dei henta årboka som dei minneverdige hendingane var oppskrivne i. Og dei las boka for kongen.

2Der fann dei skrive korleis Mordekai hadde meldt frå om Bigtana og Teresj, to av dei hoffmennene som var dørvaktarar i kongsgarden, og som hadde leita etter eit høve til å drepa kong Xerxes.

13Han fortalde Seresj, kona si, og alle venene sine alt det som hadde hendt. Då sa dei til han, både rådgjevarane hans og Seresj, kona hans: «Dersom han er jøde, denne Mordekai som du no tek til å tapa for, så maktar du ingen ting mot han. Du kjem til å liggja heilt under for han.»

14Medan dei endå heldt på og tala med han, kom hoffmennene åt kongen. Dei skunda seg og henta Haman til gjestebodet som Ester hadde stelt til.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help