Romarane 3 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Kva føremon har så jøden, eller kva gagn er det i omskjeringa?

2Mykje, på alle måtar! Fyrst og fremst det at Guds ord vart dei tiltrutt.

Så du skal få rett når du talar,

og vinna når du fører sak.

5Men om vår urett endå klårare syner Guds rettferd, kva skal vi då seia? Er det ikkje då, menneskeleg tala, urettferdig av Gud å la vreiden koma over oss? Alle har skuld

9Kva skal vi seia til dette? Har vi jødar noko framom andre? Nei, på ingen måte! Vi har då nett klaga både jødar og grekarar og sagt at dei er under synd alle saman,

10som det òg står skrive:

Det finst ingen rettferdig,

ikkje ein einaste.

11Det finst ingen vitug,

ikkje éin som søkjer Gud.

12Alle er komne på avveg,

alle er dei vonde.

Det finst ikkje éin som gjer godt,

ikkje ein einaste.

13Strupen deira er som ei open grav,

falske ord ligg dei på tunga,

under lippene har dei ormegift,

14i munnen forbanning og harde ord.

15Dei er lette på foten når dei vil renna ut blod,

16øydelegging og armod fylgjer i deira fotefar.

17Freds veg kjenner dei ikkje,

18og age for Gud veit dei ikkje av.

19Vi veit at alt det som lova seier, gjeld dei som har lova, så kvar munn skal tagna og heile verda stå skuldig for Gud. Rettferd ved trua

21Men no er Guds rettferd openberra utan lova. Om den vitnar lova og profetane.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help