1Ei bøn av David.
Vend øyra til og svar meg, Herre,
for eg er hjelpelaus og fattig!
2Vakta meg, for eg held di pakt.
Frels din tenar, du min Gud!
Eg set mi lit til deg.
3Ver meg nådig, Herre,
for heile dagen ropar eg til deg.
4Gjer din tenar inderleg glad!
Herre, eg lyfter mi sjel til deg.
5For du er god og tilgjev gjerne,
Herre, stor er den miskunn
du viser mot alle som kallar på deg.
6Herre, vend øyra til mi bøn,
lyd etter når eg tryglar og bed!
7Den dag eg er i naud, ropar eg til deg,
for du vil bønhøyra meg.
8Herre, mellom gudar er ingen som du,
og ingen gjerningar er som dine.
9Alle folk som du har skapt,
skal koma og bøya seg for deg, Herre,
og æra ditt namn.
10For du er stor, og du gjer under.
Einast du er Gud.
11Herre, lær meg din veg,
så eg kan ferdast i di sanning!
Gjev meg eit udelt hjarta,
så eg kan ottast ditt namn!
12Eg takkar deg, Herre, av heile mitt hjarta;
min Gud, eg vil evig æra ditt namn.
13For din truskap mot meg er stor,
frå det djupe dødsriket har du fria meg ut.
14Frekke menn reiser seg mot meg, Gud,
ein flokk av valdsmenn står meg etter livet.
Dei har ikkje deg for auga.
15Men du, Herre Gud, er mild og nådig,
langmodig og rik på miskunn og truskap.
16Vend deg til meg og ver meg nådig!
Gjev din tenar kraft frå deg,
og berga son til di tenestkvinne!
17Gjev meg eit teikn som varslar godt!
Lat dei som hatar meg, sjå det og skjemmast!
For du, Herre, hjelper og trøystar meg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.