Nehemja 9 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Folket sannar si synd

1Den tjuefjerde dagen i same månaden samla israelittane seg og heldt faste, i botsklede og med mold på hovudet.

2Dei som var av Israels ætt, skilde seg frå alle framande. Dei steig fram og sanna syndene sine og misgjerningane åt fedrane sine.

3Ein fjerdepart av dagen stod dei kvar på sin stad og høyrde på dei som las opp or lovboka åt Herren deira Gud. Og ein annan fjerdepart av dagen sanna dei syndene sine og tilbad Herren sin Gud.

4Josva, Bani, Kadmiel, Sjebanja, Bunni, Sjerebja, Bani og Kenani steig opp på den tramen som var laga til levittane, og ropa med høg røyst til Herren sin Gud.

5Då sa levittane Josva, Kadmiel, Bani, Hasjabneja, Sjerebja, Hodia, Sjebanja og Petakja:

Reis dykk og lova Herren dykkar Gud,

han som er frå æve til æve.

Ja, lova vere ditt herlege namn,

som er opphøgt over all lovprising.

6Einast du er Herren.

Du har skapt himmelen,

den høge himmel og heile hans hær,

jorda og alt som er på den,

havet og alt som er i det.

Du held liv i alle ting,

og himmelhæren tilbed deg.

7Det var du, Herre Gud,

som valde ut Abram,

henta han frå Ur i Kaldea

og gav han namnet Abraham.

8Du såg at han var trufast mot deg.

Difor gjorde du pakt med han

og lova at du ville gje hans ætt

landet åt kanaanearane,

hetittane, amorittane, perisittane,

jebusittane og girgasjittane.

Og du heldt din lovnad,

for du er rettferdig.

9Du såg kor mykje vondt

våre fedrar leid i Egypt,

du høyrde deira rop ved Sevsjøen.

10Du gjorde teikn og under med farao,

med mennene hans og alt folket i landet.

For du visste kor harde

dei hadde vore med våre fedrar.

Då vann du deg eit namn,

som du har den dag i dag.

11Du kløyvde sjøen framfor dei,

dei gjekk igjennom på turre botnen.

Men dei som fylgde etter, kasta du i djupet;

dei sokk som stein i det veldige vatnet.

12Du leidde dei i ei skystøtte om dagen,

om natta lét du ei eldstøtte lysa

på vegen dei skulle gå.

13Du steig ned på Sinai-fjellet

og tala med dei frå himmelen.

Du gav dei rette ordningar

og pålitelege lover,

gode føresegner og bod.

14Du kunngjorde for dei din heilage sabbat;

og gjennom Moses, tenaren din,

gav du dei bod og føresegner og lover.

15Du gav dei brød frå himmelen

når dei var svoltne,

og lét vatn strøyma fram frå berget

når dei var tyrste.

Du baud dei dra inn og ta i eige

det landet som du med opplyft hand

hadde lova at du ville gje dei.

16Men fedrane våre var eit stolt og stridlyndt folk,

dei høyrde ikkje på dine bod.

17Dei ville ikkje lyda og kom ikkje i hug

dei under du hadde gjort for dei.

Stridlyndte var dei og sette seg føre

å fara attende til trældomen i Egypt.

Men du er ein Gud som tilgjev,

du er nådig og mild,

langmodig og rik på miskunn,

og du gjekk ikkje ifrå dei.

18Dei støypte seg jamvel ein kalv

og sa: «Dette er guden din,

han som førte deg opp frå Egypt.»

Og dei spotta deg grovt.

19Men du var like mild

og gjekk ikkje frå dei i øydemarka.

Skystøtta veik ikkje frå dei om dagen,

men leidde dei på vegen;

og eldstøtta veik ikkje frå dei om natta,

men lyste opp vegen dei skulle gå.

20Du rettleidde dei med din gode Ande,

du gav dei manna til mat

og lét dei få vatn når dei var tyrste.

21Du sytte for dei i førti år,

i øydemarka sakna dei ingen ting.

Kleda deira vart ikkje utslitne,

og føtene deira hovna ikkje.

22Du gav dei folk og kongerike

som du lét dei få til grenseland.

Dei la under seg landet åt Sihon,

kongen i Hesjbon,

og landet åt Og, kongen i Basan.

23Du gjorde deira etterkomarar

talrike som stjernene på himmelen.

Du førte dei inn i det landet

som du hadde lova deira fedrar

at dei skulle koma og ta i eige.

24Så kom då etterkomarane deira

og la under seg landet.

Kanaanearane som budde der,

tvinga du i kne for dei.

Kongane og folka i landet

gav du i deira vald,

så dei kunne gjera med dei som dei ville.

25Dei tok festningsbyar og grøderik jord

og eigna til seg hus

som var fulle av gode ting,

uthogne brunnar og vingardar,

oliventre og frukttre i mengd.

Dei åt og vart gode og mette,

og levde høgt på dine rike gåver.

26Men så vart dei trassige

og sette seg opp mot deg;

dei vende ryggen til di lov.

Dei drap profetane dine,

som åtvara dei

og ville føra dei attende til deg.

Og dei spotta deg grovt.

27Då gav du dei over til fiendar,

som var harde med dei.

Men i si naud og trengsle

ropa dei til deg,

og du høyrde dei frå himmelen.

I di store miskunn

sende du dei bergingsmenn,

som frelste dei frå fiendane deira.

28Men så snart dei hadde fått ro,

gjorde dei atter

det som vondt var i dine augo.

Og du gav dei over til fiendar,

som heldt dei i trældom.

Men når dei på nytt ropa til deg,

høyrde du det frå himmelen

og berga dei gong på gong

i di store miskunn.

29Du åtvara folket;

for du ville føra dei

attende til di lov.

Men dei var hovmodige

og lydde ikkje dine bod.

Dei synda mot dine lover,

som gjev mennesket liv

når det held dei.

Dei vende ryggen til i trass;

stridlyndte var dei og ville ikkje høyra.

30I mange år bar du over med dei;

du åtvara dei ved din Ande

gjennom profetane dine.

Men då dei ikkje ville høyra,

gav du dei over til framande folk.

31Men i di store miskunn

gjorde du ikkje ende på dei,

og du sleppte dei ikkje.

For du er ein mild og nådig Gud.

32Og no, vår Gud,

du store, mektige og agelege Gud,

du som held di pakt

og lèt di miskunn vara ved,

rekna det ikkje for smått,

alt det vonde som har råka oss

frå den tid assyrarkongane rådde,

og til denne dag,

råka våre kongar og hovdingar,

våre prestar og profetar,

våre fedrar og heile folket.

33Du var rettferdig

i alt det som hende oss.

For du var trufast

om vi fór gudlaust fram.

34Våre kongar og hovdingar,

våre prestar og våre fedrar

heldt seg ikkje etter di lov;

dei akta ikkje på dine bod

og dei åtvaringar du gav dei.

35Endå dei fekk bu i sitt eige rike,

og du hadde unnt dei så mykje godt

i det vide og grøderike landet

som du hadde gjeve dei,

så tente dei deg ikkje

og vende ikkje om frå si vonde åtferd.

36Difor er vi trælar i dag;

vi er trælar i det landet du gav våre fedrar,

så dei skulle nyta landsens frukter

og alt det gode som finst der.

37Den rike grøda i landet

går no til dei kongane

som du har sett over oss

for våre synder skuld.

Dei råder etter eige tykke

over oss og feet vårt.

Vi er i stor naud.

Folket bind seg til å leva etter lova

38Etter alt dette gjer vi ein bindande avtale og skriv han opp. Vi set segl på skrivet, og stormennene, levittane og prestane våre skriv under.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help