1Difor må vi så mykje meir akta på det vi har høyrt, så vi ikkje glid bort frå det.
5Det var ikkje under englar Gud la den komande verda som vi talar om.
6Om dette er det ein som har vitna ein stad:
Kva er eit menneske, sidan du kjem det i hug,
ein menneskeson, sidan du tek deg av han?
7Ei lita stund sette du han lågare enn englane.
Så krona du han med herlegdom og ære.
8Alt la du under hans føter.
Når det står: «Alt la du under han», då er ingenting unnateke; alt skulle leggjast under han. Enno kan vi ikkje sjå at alt er lagt under han.
9Men vi ser Jesus, han som for ei lita stund var sett lågare enn englane, krona med herlegdom og ære fordi han leid døden. Såleis skulle han ved Guds nåde smaka døden for alle.
10For Gud som er grunnen og opphavet til alle ting, ville føra mange born til herlegdom. Då måtte han la hovdingen som fører dei til frelsa, nå fullendinga gjennom lidingar.
13Og like eins:
Eg vil setja mi lit til han.
Og endå ein stad:
Sjå, her er eg og dei born Gud har gjeve meg.
14Sidan borna er menneske av kjøt og blod, måtte han òg verta menneske som dei. Såleis skulle han med sin død gjera ende på han som rår ved døden, det er djevelen,
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.