Salmane 145 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Eg vil lovsyngja deg, min Gud og konge

1Ein lovsong av David.

Eg vil lovsyngja deg, min Gud og konge,

og velsigna ditt namn til evig tid.

2Eg vil lova deg kvar einaste dag

og prisa ditt namn til evig tid.

3Stor er Herren, ja, høglova er han,

uransakeleg er hans stordom.

4Ætt etter ætt skal prisa di gjerning,

fortelja om dei storverk du gjer.

5Dei talar om din herlegdom og høge majestet,

eg grundar på dine under.

6Dei talar om dine mektige gjerningar,

eg fortel om dine storverk.

7Dei kallar fram minnet om all din godleik

og syng med fagnad om di rettferd.

8Nådig og mild er Herren,

langmodig og rik på miskunn.

9Herren er god mot alle,

miskunnsam mot alle sine skapningar.

10Heile din skapning takkar deg, Herre,

dei som held di pakt, prisar deg.

11Dei talar om ditt herlege kongedøme,

fortel om di veldige kraft,

12så menneska skal få kjenna ditt velde

og den strålande herlegdomen i ditt rike.

13Ditt rike står gjennom alle tider,

ditt herrevelde varer frå ætt til ætt.

14Herren støttar kvar den som fell,

og reiser alle nedbøygde opp.

15Alle vender augo ventande til deg,

og du gjev dei mat i rette tid.

16Du opnar di hand og mettar alt som lever,

med det som godt er.

17Rettferdig er Herren i all si ferd

og trufast i alt det han gjer.

18Herren er nær hjå alle som kallar,

hjå alle som ærleg kallar på han.

19Han gjer det dei ynskjer,

dei som har age for han,

han høyrer deira rop og frelser dei.

20Herren vernar alle som elskar han,

men dei gudlause rydjar han ut.

21Eg vil lovsyngja Herren;

til evig tid skal alt som lever,

lova hans heilage namn.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help