Jeremia 50 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Babylons fall og Israels heimkome

1Dette er det ordet Herren tala gjennom profeten Jeremia om Babylonia, Kaldearlandet:

2Forkynn mellom folka, lat det høyrast,

lyft fana og rop det ut!

Døl ikkje noko, men sei:

Babel er teke,

Bel har vorte til skammar,

og Marduk er vitskræmd.

Gudebileta står der med skam,

dei ufysne gudane er livredde.

3For eit folk frå nord dreg fram mot landet

og gjer det til ei øydemark,

så ingen kan bu der;

folk og fe rømer og fer bort.

4I dei dagar, når den tid kjem,

lyder ordet frå Herren,

skal Israels søner koma heim

og Judas søner saman med dei.

Gråtande skal dei gå

og søkja Herren sin Gud.

5Dei skal spørja etter vegen til Sion,

venda andletet hit og seia:

«Kom, lat oss slutta oss til Herren

i ei evig pakt som aldri skal gløymast!»

6Mitt folk var som bortkomne sauer;

hyrdingane deira hadde ført dei vilt,

på avvegar i fjella.

Dei gjekk over fjell og haug

og gløymde kvar dei skulle roa seg.

7Alle som møtte dei, ville sluka dei.

Deira fiendar sa: «Vi gjer ingen urett,

for dei har synda mot Herren,

som dei i sanning kunne kvila hjå,

og som fedrane sette si von til.»

8Røm frå Babylonia,

far bort frå Kaldearlandet,

og gå som bukkar framføre flokken.

9For sjå, frå landet i nord

vil eg samla store folk,

eggja dei til strid

og føra dei opp mot Babylon.

Dei fylkar seg mot byen

og tek han frå nord.

Dei skyt sine piler som ein dugande krigar

som aldri kjem tomhendt att.

10Kaldearlandet vert til hærfang,

alle som tek av det, får det dei vil,

lyder ordet frå Herren.

11Ja, de kan vera glade og fegne,

de som plyndra mitt arveland.

Hopp som kalvar i graset,

og knegg som sterke hestar.

12No skal mor dykkar skjemmast djupt,

ho som fødde dykk, vert til spott.

Sjå, ho kjem sist mellom folka,

ho vert som ei turr og livlaus øydemark.

13Fordi Herren er harm, skal ingen bu der,

heile landet skal vera ei audn.

Alle som fer framom Babel,

skal fæla og spotta når dei ser

alle dei sår ho har fått.

14Fylk dykk, alle bogeskyttarar,

gå mot Babylon og kringset byen!

Skyt mot han, spar ikkje på pilene,

for han har synda mot Herren.

15Lyft hærrop mot byen frå alle kantar!

No må Babylon gje seg;

støttene er falne og murane rivne.

Ja, dette er Herrens hemn.

Ta berre hemn på byen,

gjev han att for det han har gjort!

16Ryd ut or Babylonia den som sår,

og den som svingar sigd om hausten!

Frå det herjande sverdet skal kvar og ein

venda seg til sitt eige folk

og røma til sitt eige land.

17Israel var som ein bortjaga sau,

som løver hadde drive på flukt.

Fyrst åt Assur-kongen på han,

og så har Nebukadnesar, kongen i Babylonia,

gnege av beina.

18Difor seier Herren,

Allhærs Gud, Israels Gud:

No vil eg krevja babylonarkongen

og landet hans til rekneskap,

som eg gjorde med assyrarkongen.

19Så fører eg Israel attende

til deira eigne beitemarker;

dei skal beita på Karmel og i Basan

og få eta seg mette

på Efraims-fjellet og i Gilead.

20I dei dagar, når den tid kjem,

lyder ordet frå Herren,

skal dei leita etter Israels skuld, men fåfengt,

etter Judas synd, men ho finst ikkje,

for eg tilgjev dei eg lèt vera att.

21Far opp mot Meratajim-landet

og strid imot det!

Gå mot dei som bur i Pekod,

forfylg dei med sverd og bannstøyt dei!

Gjer alt det eg byd deg,

lyder ordet frå Herren.

22Det er stridsgny i landet,

og alt bryt heilt i hop.

23Å, kor han er knust og broten,

den hamaren som slo all jorda!

Å, kor Babylonia har vorte

til skræmsle mellom folka!

24Eg sette snarer for deg, Babel,

og før du visste av det,

var du fanga.

Du vart funnen og gripen,

fordi du gjekk til strid mot Herren.

25Herren har opna sitt lager

og teke fram sin harmes våpen;

for Herren Gud, Allhærs Gud,

har eit verk å gjera i Kaldearlandet.

26Rykk fram mot landet frå alle kantar

og lat opp kornkammera der!

Kast kornet opp i haugar,

bannlys det,

lat ingenting vera att!

27Hogg ned alle oksane deira,

lat dei gå til slakting!

Ve dei! Dagen deira er komen,

tida då dei må gjera rekneskap.

28Høyr, dei rømer

og kjem seg bort frå Babylonia.

Dei vil kunngjera i Sion

at Herren vår Gud har teke hemn,

hemn for templet sitt.

29Kall skyttarane saman mot Babylon,

alle som spenner boge.

Kringset byen på alle kantar,

lat ingen sleppa unna!

Lat Babylon få att som fortent,

gjer mot byen alt det han sjølv har gjort.

For han har vore frekk mot Herren,

mot Israels Heilage.

30Difor skal dei unge mennene der

falla på torga,

alle stridsmennene vert tynte den dagen,

lyder ordet frå Herren.

31Eg kjem over deg, du skamlause,

lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

For no er dagen komen for deg,

den tid då eg krev deg til rekneskap.

32Den skamlause skal snåva og falla,

og ingen skal reisa han opp.

Eg set eld på byane hans,

og han skal øyda alt ikring.

33Så seier Herren, Allhærs Gud:

Israels-sønene er trælka

og Juda-sønene saman med dei.

Alle som førte dei i fangenskap,

held dei fast og slepper dei ikkje.

34Men deira utløysar er sterk.

Herren, Allhærs Gud, er hans namn.

Han vil føra deira sak

og gje jorda ro,

men valda uro

for dei som bur i Babylonia.

35Sverd mot kaldearane! seier Herren.

Sverd mot dei som bur i Babylonia,

mot hovdingane og vismennene i landet!

36Sverd mot varseltydarane!

Dei skal stå der som dårar.

Sverd mot krigarane i byen!

Dei skal missa motet.

37Sverd mot hestane og vognene i byen,

mot alt blandingsfolket der!

Dei skal verta som kvinner.

Sverd mot skattane i byen!

Dei skal verta rana og røva.

38Lat turk koma over vatnet,

så det turkar bort.

For landet er fullt av gudebilete,

og med sine fæle bilete

ber folk seg åt som galne.

39Difor skal ørkendyr slå seg ned der

saman med ville hundar;

strutsar skal halda til i byen.

Aldri skal han byggjast meir,

frå ætt til ætt skal ingen bu der.

40Det skal gå som då Gud gjorde ende på

Sodoma, Gomorra og grannebyane,

lyder ordet frå Herren.

Ikkje eit menneske skal bu der,

ingen skal halda til i byen.

41Det kjem eit folk frå nord,

det er eit mektig folk;

mange kongar tek ut

frå utkanten av jorda.

42Boge og spyd har dei i handa,

harde er dei og sparer ingen.

Larmen av dei er som havdur.

På hestar kjem dei ridande;

budde som stridsmenn

dreg dei fram imot deg, Babel-dotter.

43Då babylonarkongen høyrde ryktet om dei,

vart hendene hans kraftlause.

Han vart gripen av angst

og skalv som ei fødande kvinne.

44Lik ei løve som stig opp

or den fine Jordan-skogen

til sletta som alltid er grøn,

så skal eg på ein augneblink

driva dei bort frå landet

og setja min utvalde over det.

For kven er som eg?

Kven vil stemna meg?

Og kva for ein hyrding kan stå seg mot meg?

45Høyr då kva planar

Herren har lagt mot babylonarane,

kva han har tenkt å gjera

med Kaldearlandet.

Jamvel dei minste i flokken skal slepast bort,

og beitemarkene deira skal verta aude.

46Når ropet lyder: «Babylon er teke!»

skal jorda skjelva,

og skriket skal høyrast mellom folkeslaga.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help