1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
2Du menneske, set i med ein klagesong over Tyrus!
6Årane dine laga dei
av store tre frå Basan
og stamnen, innlagd med elfenbein,
av sypressar frå kittearstrendene.
7Seglet, som skulle vera ditt merke,
var av fargerikt lin frå Egypt,
og taket i kahytta av purpur,
raudt og fiolett, frå Elisja-strendene.
8Folk frå Sidon og Arvad
var rorskarar hjå deg, Tyrus,
og dei mest dugande mennene dine
hadde du til styrmenn.
9Gamle og kunnige menn frå Byblos
var hjå deg og bøtte skadane dine.
Alle skip på havet og sjømennene om bord
kom til deg og bytte varer.
10Menn frå Persia, Lud og Put
gjorde teneste i hæren din.
Skjold og hjelmar hengde dei opp hjå deg,
og dei kasta glans over deg.
11Menn frå Arvad stod saman med krigarane dine rundt ikring på murane, og dei var vaktmenn i tårna. Skjolda sine hengde dei opp rundt ikring på murane dine. Såleis gjorde dei deg fullkomleg fager.
12Tarsis handla med deg fordi du hadde så mykje av alle slag varer. Det dei kjøpte av deg, betalte dei med sølv og jern, tinn og bly.
13Javan, Tubal og Mesjek dreiv handel med deg. Dei gav deg trælar og bronsekar i byte.
14Frå folket i Togarma fekk du arbeidshestar, ridehestar og muldyr for varene dine.
15Folk frå Rhodos handla med deg, ja mange øyar gjorde oppkjøp hjå deg. I staden gav dei deg elfenbein og ibenholt.
16Edomittane handla med deg fordi du hadde så mange varer. I byte gav dei deg edelsteinar, raudt purpur og fargerikt ty, fint lin, korallar og rubinar.
17Juda og Israel dreiv handel med deg. Kveite frå Minnit, bakverk, honning, olje og balsam gav dei deg i byte.
18Damaskus handla med deg fordi du hadde så store mengder med varer og allslags gods. Dei kom med vin frå Helbon og ull frå Sahar.
19Dan og Javan gav deg varer frå Usal for det dei kjøpte av deg. Smijern, kanel og kalmus fekk du i byte.
20Dedan dreiv handel med deg; dei selde stoff til rideteppe.
21Arabarane og alle hovdingane i Kedar dreiv oppkjøp hjå deg. Lam og verar og bukkar gav dei deg i byte.
22Kjøpmenn frå Saba og Rama handla med deg. Den finaste balsam, alle slag dyre steinar og gull gav dei for varene dine.
23Folk frå Karan, Kanne og Eden og kjøpmenn frå Saba, Assur og Kilmad dreiv òg handel med deg.
24På marknaden din selde dei staselege klede og purpurkapper, mangleta ty og teppe i to fargar og snorer som var tvinna fast.
25Tarsis-skip var dine handelskaravanar.
Du var fylt av varer og tungt lasta
når du drog langt til havs.
26Dine rorskarar førte deg i mange farvatn.
Men så kjem stormen frå aust
og knuser deg der ute på havet.
27Ditt gods og dine handelsvarer,
dine sjømenn og dine styrmenn,
dei som bøtte skadane dine,
dine handelsmenn og alle dine krigarar,
heile mannskapet som du hadde om bord,
søkk i havet den dagen du går under.
28Når styrmennene skrik i si naud,
må beitemarkene skjelva.
29Alle rorskarar stig ut or sine skip,
kvar sjømann, kvar styrmann går i land.
30Dei set i og ropar høgt
og klagar bittert over deg;
dei kastar jord på hovudet
og velter seg i oska.
31For di skuld rakar dei seg snaue
og bind syrgjeklede om seg.
Med sorg i hugen græt dei
og klagar bittert over deg.
32Dei set i med likklage
og syng ein syrgjesong over deg:
Kven har vorte tagal som Tyrus,
der han ligg midt uti sjøen?
33Når varene dine kom inn frå havet,
metta du mange folkeslag.
Med alt ditt gods og alle dine varer
gjorde du kongar på jorda rike.
34No er du knust og sokken i havet;
varene dine og alt ditt mannskap
har gått til grunne med deg.
35Alle som bur på havsens strender,
fæler når dei tenkjer på deg;
kongane deira er stive av skrekk
og bleike i andletet av redsle.
36Kjøpmenn i andre land spottar deg.
Du har vorte til skrekk og gru;
borte er du for alltid.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.