Jeremia 17 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Judas synd er skriven opp

1Judas synd er skriven opp med jerngriffel

og rita inn med diamantstift

på deira hjartetavle og på altarhorna.

2Sønene deira skal minnast

altara og Asjera-pålane

som dei hadde under kvart grønt tre

og på høge haugar,

3på bergtoppar ute i marka.

Din rikdom og alle dine skattar

gjev eg til plyndring,

like eins dine offerhaugar

til straff for synda i heile ditt land.

4Av deg sjølv må du seia frå deg

den arven eg gav deg.

Eg lèt deg træla for dine fiendar

i eit land du ikkje kjenner.

For vreiden min logar som eld,

og han skal brenna for alltid. Set ikkje lit til menneske!

5Så seier Herren:

Forbanna er den mann

som set si lit til menneske,

som stør seg til vesale skapningar

og vender seg bort frå Herren.

6Han er lik ein busk i øydemarka;

han får ikkje sjå at lukka kjem,

men held til på dei turraste vidder,

i eit saltlende, der ingen bur.

7Velsigna er den mann som lit på Herren

og set si von til han.

8Han er lik eit tre som er planta attmed vatn

og tøyer røtene bort åt ein bekk.

Det reddast ikkje når heten kjem,

men står der med lauvet grønt.

Det sturer ikkje i turketider

og held ikkje opp med å bera frukt.

9Hjarta er meir svikefullt enn noko anna,

det kan ikkje lækjast.

Kven skjønar seg på det?

10Eg, Herren, er den

som granskar hjarta og prøver nyrer.

Eg løner kvar og ein etter hans ferd,

etter frukta av hans gjerningar. Dom over urett og fråfall

11Lik ei rapphøne som ligg på egg

ho ikkje sjølv har vorpe,

er den som vinn rikdom med urett.

Midt i si levetid må han gå frå han

og står der til sist som ein narr.

12Ein herleg kongsstol,

opphøgd frå den fyrste tid,

er staden der vår heilagdom står.

13Herre, du Israels von,

alle som går bort frå deg,

skal verta til skammar;

dei som vik frå deg i landet,

skal skrivast opp.

For dei har gått bort frå Herren,

kjelda med levande vatn. Frels meg du, så vert eg frelst!

14Læk meg, Herre, så vert eg lækt!

Frels meg du, så vert eg frelst!

For du er min lovsong.

15Folk kjem og seier til meg:

«Kvar vart det av Herrens ord?

Lat det no koma!»

16Eg har ikkje nekta å vera hyrding

og fylgja etter deg,

eg har ikkje ynskt ulukkedagen hit.

Du veit kva eg har forkynt,

det ligg ope for deg.

17Ver ikkje til redsle for meg!

Du er mi livd på ulukkedagen.

18Lat ikkje meg verta til skammar,

men dei som forfylgjer meg.

Lat ikkje meg, men dei

verta gripne av redsle!

Lat ein ulukkedag koma over dei,

knus dei med eit dobbelt slag! Hald kviledagen heilag!

19Så sa Herren til meg: Gå og stå i Folkeporten, der Juda-kongane går inn og ut, og i alle dei andre portane i Jerusalem,

20og sei til dei: Høyr Herrens ord, de Juda-kongar, du Juda-folk og alle Jerusalems-buar, de som går inn gjennom desse portane.

21Så seier Herren: Akta dykk, så sant de har livet kjært, så de ikkje ber bører på sabbatsdagen og kjem inn gjennom Jerusalems portar med dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help