1Brør, mitt hjartans ynske og mi bøn til Gud for dei er at dei må verta frelste.
5Moses skriv om den rettferd som lova gjev: Den som held lova, skal leva ved lova.
14Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at einkvan forkynner?
15Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje vert utsende? Det står då skrive: Kor herleg det lyder når dei kjem, dei som ber gledebod!
Røysta deira har nått over heile jorda,
deira ord til heimsens endar.
19Men så spør eg: Kan henda Israel ikkje har skjøna det? Fyrst seier Moses:
Eg vil eggja dykk til misunning
mot dei som ikkje er eit folk,
på eit uvitug folk vil eg gjera dykk harme.
20Og Jesaja går så langt at han seier:
Eg vart funnen av dei som ikkje søkte meg;
eg openberra meg for dei
som ikkje spurde etter meg.
21Men om Israel seier han:
Heile dagen rette eg ut mine hender
til eit ulydig og trassig folk.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.