1Morgonen etter stod Josva tidleg opp. Han tok ut frå Sjittim med alle israelittane, og dei kom til Jordan. Der var dei om natta før dei sette over elva.
2Då tre dagar var lidne, gjekk tilsynsmennene gjennom leiren
5Så sa Josva til folket: «Helga dykk no! For i morgon vil Herren gjera underfulle ting mellom dykk.»
14Så tok folket ut frå telta sine og skulle gå over Jordan, og prestane som bar paktkista, gjekk føre dei.
15Då desse prestane var komne ned til Jordan og så vidt hadde sett føtene i vatnet – i heile skurdtida er Jordan så stor at ho går over breddene alle stader –
16då stansa det vatnet som kom ovanfrå, og stod som ein voll langt borte, oppmed Adam, den byen som ligg i nærleiken av Saretan. Og det som rann nedover til Araba-sjøen, det er Saltsjøen, vart heilt borte. Så gjekk folket over elva midt for Jeriko. 2 Mos 14,21f
17Men prestane som bar Herrens paktkiste, vart ståande på turre botnen midt i Jordan, medan alle israelittane gjekk turrskodde over elva. Såleis stod dei til heile folket var kome vel over Jordan.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.