5. Mosebok 1 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Moses minner om Herrens lovnader

1Dette er dei orda som Moses tala til heile Israel i øydemarka austanfor Jordan, på Araba-sletta midt for Suf, mellom Paran og Tofel, Laban, Haserot og Di-Sahab,

2elleve dagsreiser frå Horeb etter den vegen som fører over Se'ir-fjella til Kadesj-Barnea.

3Det var i det førtiande året, den fyrste dagen i den ellevte månaden, han tala til israelittane og kunngjorde alt det som Herren hadde sagt at han skulle tala til dei.

4Då hadde han vunne over amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon, og Basan-kongen Og, som budde i Asjtarot og Edre'i. Moses set inn leiarar

9Den gongen sa eg til dykk: «Eg kan ikkje greia strevet med dykk åleine.

29Då sa eg til dykk: «Lat dykk ikkje skræma, og ver ikkje redde dei!

30Herren dykkar Gud går føre dykk. Han skal strida for dykk, så som de såg han gjorde i Egypt Israels ulydnad og nederlag

34Då Herren høyrde korleis de tala, vart han harm og svor:

35«Ingen av desse mennene, av denne vonde ætta, skal få sjå det gode landet som eg med eid har lova å gje fedrane dykkar.

36Berre Kaleb, son til Jefunne, skal få sjå det. Han og borna hans vil eg gje det landet han har sett foten på, fordi han så trufast har halde seg til Herren.» 4 Mos 14,21ff; 26,64f; 32,11ff

37Meg òg vart Herren vreid på for dykkar skuld og sa: «Heller ikkje du skal få koma inn i landet. 4 Mos 20,12; 27,13f

38Men Josva Nunsson, som er tenaren din, han skal få koma inn. Gjer han djerv og sterk! For han skal hjelpa Israel til å vinna landet.

39Og småborna dykkar, som de trudde ville koma i fiendehand, og dei borna som enno ikkje kan skilja godt frå vondt, dei skal koma inn i landet. Eg gjev det til dei, og dei skal ta det i eige. 4 Mos 14,31

40Men de må snu og fara ut i øydemarka, mot Sevsjøen.»

41Då svara de meg: «Vi har synda mot Herren. No vil vi fara opp og strida, såleis som Herren vår Gud har sagt oss føre.» Så spente de på dykk våpna, alle som ein. De trudde det var lett å trengja inn i fjell-landet. 4 Mos 14,39–45

42Men Herren sa til meg: «Sei til dei at dei ikkje skal fara opp og strida, for eg er ikkje med dei, og dei kjem til å tapa for fiendane sine.»

43Eg tala til dykk, men de ville ikkje høyra. De sette dykk opp mot Herren og var høgmodige nok til å fara opp i fjella.

44Då tok amorittane, som budde der i fjell-landet, ut mot dykk. Dei sette etter dykk som ein biesverm, vann over dykk i Se'ir og forfylgde dykk heilt til Horma.

45Så kom de att og gret og bad til Herren. Men Herren høyrde ikkje på dykk og lydde ikkje på klagene dykkar.

46Difor laut de bu i Kadesj heile den lange tida.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help