1Då det leid av ei tid, lét kong Xerxes Haman Hammedatason av Agag-ætta få stor makt og gav han rang og sete over alle dei stormennene som var hjå han.
2Alle embetsmennene åt kongen som heldt til i slottsporten, fall på kne og bøygde seg til jorda for Haman; for det hadde kongen gjeve påbod om. Men Mordekai fall ikkje på kne og bøygde seg ikkje til jorda for han.
3Embetsmennene åt kongen, dei som heldt til i slottsporten, spurde då Mordekai: «Kvifor gjer du imot det kongen har bode?»
4Dag etter dag tala dei såleis til han, men han høyrde ikkje på dei. Då sa dei det til Haman; dei ville sjå om den grunnen Mordekai gav, vart teken for god. For han hadde sagt dei at han var jøde.
5Då Haman såg at Mordekai ikkje fall på kne eller bøygde seg til jorda for han, vart han brennande harm.
6Men han tykte det var for lite å leggja hand berre på Mordekai. Han hadde fått vita kva folk Mordekai høyrde til, og no ville han freista å rydja ut alle jødar som fanst i riket åt Xerxes, både Mordekai og folket hans.
7I den fyrste månaden, det er nisan månad, i det tolvte styringsåret til kong Xerxes, vart det, medan Haman såg på, kasta «pur», det er lodd, om kvar einskild dag og kvar einskild månad, heilt til den tolvte, det er adar månad.
8Då sa Haman til kong Xerxes: «Her er eit folk som bur spreitt og for seg sjølv mellom dei andre folka i alle provinsane i riket ditt. Lovene deira er annleis enn lovene åt alle andre folk, og dei held seg ikkje etter dei lovene som kongen har gjeve. Det høver ikkje for kongen å la dei stella seg som dei vil. 3 Mos 26,33+; 4 Mos 23,9
9Om kongen så synest, så lat det verta kunngjort i brev at dei skal rydjast ut. Ti tusen talentar sølv skal eg då kunna vega opp til embetsmennene, så dei kan leggja det i skattkammeret åt kongen.»
10Då drog kongen seglringen av handa si, gav han til Haman Hammedatason av Agag-ætta, fienden åt jødane,
11og sa til han: «Sølvet skal vera ditt, og med folket kan du gjera som du vil.»
12Den trettande dagen i den fyrste månaden vart skrivarane åt kongen kalla saman. Og det vart sett opp eit skriv så som Haman baud, både til satrapane åt kongen, til statthaldarane i kvar provins og til hovdingane for kvart folk. Det skulle sendast til kvar provins i den skrifta dei bruka der, og til kvart folk på det tungemålet dei tala. Skrivet vart utferda i namnet åt kong Xerxes og forsegla med den kongelege seglringen.
13Så vart det med snøggbod sendt brev til alle provinsane som høyrde under kongen, at alle jødar skulle øydast, drepast og tynast, både unge og gamle, småborn og kvinner. Alle skulle drepast på éin dag, den trettande dagen i den tolvte månaden, det er adar månad, og alt dei åtte, skulle plyndrast.
14Ei avskrift av brevet skulle sendast til kvar provins og kongsbodet kunngjerast for alle folk, så dei kunne vera budde på dagen.
15Med det same dette bodet var utferda i Susa-borga, tok snøggboda av stad, som kongen hadde sagt. Så sette kongen og Haman seg til å drikka, men i Susa-byen var folket oppøst.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.