1Då tok Job til ords og sa:
2Høyr vel etter det eg seier,
lat det vera den trøyst de gjev meg.
3Ber over med meg, så eg får tala;
når eg er ferdig, kan de spotta.
4Er det menneske mi klage gjeld?
Har eg ikkje grunn til å vera utolmodig?
5Vend dykk hit, så vil de støkka til
og leggja handa på munnen.
6Eg tenkjer på noko som gjer meg forfærd,
heile kroppen skjelv:
7Kvifor skal dei gudlause få leva,
verta gamle og auka si makt og sin rikdom?
8Trygt lever borna deira hjå dei,
etterkomarane har dei ikring seg.
9Deira hus er trygge mot det som skræmer,
og Gud brukar ikkje riset på dei.
10Hjå dei spring oksane aldri fåfengt,
kyrne kalvar og kastar ikkje.
11Dei slepper ut småborna som sauer,
og gutane hoppar og dansar.
12Dei syng til tromme- og lyrelåt
og jublar til fløytetonar.
13Dei endar sine dagar i lukke
og går til dødsriket i fred.
14Endå seier dei til Gud: «Gå frå oss!
Vi har ikkje hug til å kjenna din veg.
15Kvifor skal vi tena Den Allmektige?
Kva nyttar det at vi bed til han?»
16Dei gudlause har ikkje lukka i si hand,
dei legg planar utan å rekna med Gud.
17Kor ofte sloknar lampa for nidingar,
kor ofte kjem ulukka over dei?
Er det slik ein lagnad han gjev dei i sin vreide?
18Lèt han dei verta som halmstrå i vinden,
lik agner som stormen sopar bort?
19Er det Guds vilje å spara mannen
og la ulukka koma over hans born?
Nei, han burde straffa han sjølv så det kjennest.
20Han skulle få sjå sin undergang,
drikka vreidevin frå Den Allmektige.
21For kva bryr han seg om si ætt etter døden,
når hans tilmælte tid er ute?
22Er det nokon som vil læra Gud,
han som rår over dei høgaste skapningar?
23Éin døyr midt i si beste kraft,
heilt igjennom sorglaus og roleg,
24hans kar er fulle av mjølk,
og hans bein har saftfull merg.
25Ein annan døyr med bitter hug
og har aldri fått nyta lukke.
26Så ligg dei begge nedi molda,
fulle av makk og kryp.
27Ja, eg kjenner dykkar tankar,
dei vonde planar de legg imot meg.
28For de spør: «Kvar er stormannens hus?
Kvar er teltet der dei gudlause budde?»
29Har de ikkje spurt vidfarne folk
og lagt merke til det dei kan fortelja?
30Den vonde vert spart på ulukkedagen,
han finn berging på vreidedagen.
31Kven påtalar ope hans ringe ferd,
kven gjev han att for det han har gjort?
32Dei ber han til grava,
og ved gravhaugen held dei vakt.
33Han kviler i fred under torva i dalen.
Alle menneske fylgjer etter,
og ei tallaus mengd har gått føre.
34Nei, de trøystar meg til inga nytte,
falske er dei svar de gjev.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.