1Ein sabbat bar det så til at Jesus gjekk gjennom ein kornåker, og læresveinane reiv av aks, gneid dei mellom hendene og åt.
2Då sa nokre av farisearane: «Kvifor gjer de slikt som ingen har lov til å gjera på sabbaten?»
3Jesus svara: «Har de ikkje lese kva David gjorde den gongen han og mennene hans var svoltne?
16Judas, son til Jakob, og Judas Iskariot, han som vart svikar.
Jesus forkynner og lækjer(Matt 4,23–25; Mark 3,7–10)17Så gjekk han ned att i lag med dei og vart ståande på ei slette. Der var ein stor flokk av læresveinane hans samla og ei mengd med folk frå heile Judea og Jerusalem og frå sjøbygdene ved Tyrus og Sidon.
18Dei var komne og ville høyra han og verta lækte for sjukdomane sine. Dei som var plaga av ureine ånder, vart òg gode att. Bergpreika(6,20–49)Sæle og usæle menneske(Matt 5,1–12)
20Då såg han opp, feste augo på læresveinane og sa:
Sæle de fattige!
Guds rike er dykkar.
21Sæle de som no svelt!
De skal mettast.
Sæle de som no græt!
De skal le.
22Sæle er de når folk hatar dykk,
når dei støyter dykk ut og spottar dykk
og skyr namnet dykkar som noko vondt –
for Menneskesonen skuld!
23Gled dykk då og hoppa av fryd,
for stor er løna dykkar i himmelen.
Det same gjorde fedrane deira med profetane.
24Men ve dykk rike,
de har alt fått dykkar trøyst.
25Ve dykk som no er mette,
de skal svelta.
Ve dykk som no ler,
de skal syrgja og gråta.
26Ve dykk når alle talar vel om dykk.
For det same gjorde fedrane deira
med dei falske profetane. Elska fiendane dykkar!(Matt 5,38–48; 7,12)
27Men til dykk som høyrer på meg, seier eg: Elska fiendane dykkar, gjer vel mot dei som hatar dykk,
28velsigna dei som bannar dykk, og bed for dei som talar ille om dykk. Døm ikkje!(Matt 7,1–5)
37Døm ikkje, så skal de ikkje dømast. Fordøm ikkje, så skal de ikkje fordømast. Ettergjev, så skal de få ettergjeving.
38Gjev, så skal de få: Eit godt, stappa, rist og overfylt mål skal de få i fanget. For med det målet de sjølve mæler med, skal det mælast opp til dykk.
39Han fortalde dei òg ei likning: Kan ein blind leia ein blind? Kjem dei ikkje begge til å falla i grøfta?
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.