Ordtaka 25 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Det gjeld å styra sin hug

1Dette er òg ordtøke av Salomo; dei er samla av mennene til Hiskia, Juda-kongen.

2Det er Guds ære å dølja ei sak,

men kongars ære å granska henne.

3Himmelhøgd og jordedjup

og kongars hjarta kan ingen granska.

4Skil slagget frå sølvet,

så kan sølvsmeden laga ei skål av det.

5Før dei gudlause bort frå kongen,

så står hans kongsstol fast ved rettferd.

6Gjer deg ikkje til når kongen ser på,

og stig ikkje fram på stormenns plass!

7For det er betre dei seier til deg:

«Kom og set deg her oppe!»

enn at dei flytter deg ned for ein hovding.

Kva du så ser med eigne augo,

8ver ikkje for snar til å reisa sak!

For kva vil du gjera til sist

når nesten din fører skam over deg?

9Før di sak med nesten din,

men ber ikkje ut annan manns løyndom!

10Elles vil den som høyrer det, spotta deg,

og du får for alltid uord på deg.

11Som eple av gull i skåler av sølv

er ord ein talar i rette tid.

12Som ein ring av gull, ja, eit smykke av fint gull

er den vise som refser ein mann som vil høyra.

13Som svalande snø ein dag i skurden

er ein påliteleg bodberar for sin herre,

han gjev mot og kraft til den som har sendt han.

14Lik skyer og vind som ikkje gjev regn,

er den som skryter av å gje, men ikkje gjer det.

15Med tolmod vert hovdingen overtald,

den milde tunga knuser bein.

16Finn du honning, så et ikkje meir enn du treng;

elles vert du for mett og spyttar han ut.

17Set sjeldan foten i huset åt ein ven,

elles vert han lei deg og legg deg for hat.

18Som hamar og sverd og kvasse pil

er den som vitnar rangt mot sin neste.

19Som roten tann og ustø fot

er tillit til ein svikar på trengselsdagen.

20Å syngja for den som er sorgfull,

er som å kasta kappa ein vinterdag

eller som å slå eddik på natron.

21Er din uven svolten, så lat han få mat,

er han tyrst, så gjev han drikke!

22Då samlar du gloande kol på hans hovud,

og Herren skal løna deg for det.

23Nordavinden kjem med regn,

med baktale fylgjer sinte andlet.

24Betre å bu i ein krok på taket

enn å vera i hus med trettekjær kvinne.

25Som kaldt vatn for ein tyrstande strupe

er godt nytt frå framandt land.

26Som grumset kjelde og utskjemd brunn

er ein rettvis mann som gjev etter for ein gudlaus.

27Å eta for mykje honning er ikkje godt;

ver sparsam med rosande ord!

28Lik ein øydelagd by med nedriven mur

er ein mann som ikkje kan styra sin hug.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help