1Elihu tok atter til ords og sa:
2Høyr mine ord, de vise menn,
lyd etter, de som veit så mykje!
3Øyra prøver ord som vert sagde,
liksom ganen smakar på maten.
4Lat oss velja det som er rett,
og saman finna ut kva som er godt.
5Job har sagt: «Eg er rettferdig,
Gud har sett min rett til sides.
6Eg har rett, men vert halden for lygnar,
eg er skuldlaus, men såra til døden.»
7Finst det ein mann som Job?
Han talar spottord som ein drikk vatn.
8Han går i lag med ugjerningsmenn
og held seg til gudlause folk.
9For han har sagt:
Kva gagnar det ein mann
om han er ven med Gud?
10Difor skal de høyra på meg,
de vituge menn.
Gud gjer aldri vondt,
Den Allmektige gjer ikkje urett.
11Han løner mannen for hans gjerning,
lèt alle få att etter si ferd.
12Nei, Gud gjer så visst ingen urett,
Den Allmektige rengjer ikkje retten.
13Kven har gjeve han tilsyn med jorda
og overlate heile verda til han?
14Dersom han berre tenkte på seg sjølv
og tok att sin ande og sin livspust,
15då døydde kvar levande skapning,
og mennesket vart atter til mold.
16Har du vit, så høyr på dette!
Lyd nøye etter det eg seier!
17Kan den som hatar retten, styra?
Torer du døma han som er mektig og rettferdig?
18Tru nokon seier til ein konge: «Du niding!»
eller til hovdingar: «De gudlause menn»?
19Gud held ikkje med fyrstar
og vørder ikkje stormenn
meir enn småkårsfolk.
Alle er dei skapte av han.
20Brått døyr dei og midt på natta,
folket ragar og går til grunne.
Jamvel dei mektige må vika,
men ikkje for menneskehand.
21Guds augo vaktar på kvar manns vegar,
han ser kvart steg dei tek.
22Det finst ikkje mørker eller skodd
der ugjerningsmenn kan gøyma seg bort.
23Han gjev ikkje mannen lang tid
før han må fram for Guds dom.
24Utan forhøyr knuser han mektige menn
og set andre i staden for dei.
25Difor legg han merke til det dei gjer,
og styrtar dei ned ei natt, så dei vert knuste.
26Han slår dei som ugjerningsmenn
på ein stad der alle kan sjå det,
27fordi dei vende seg bort frå han
og ikkje gav akt på hans vegar.
28Så nådde det han, klageropet åt dei fattige,
han høyrde skriket frå dei hjelpelause.
29Men kven torer døma han om han held seg i ro?
Kven merkar det når han løyner sitt andlet?
Han ser til folket og til kvar einskild.
30Han lèt ingen gudlaus få styra
eller leggja snarer for folket.
31No seier du kanskje til Gud:
«Eg fór vilt, men skal aldri meir gjera vondt.
32Det eg ikkje ser, må du læra meg.
Og har eg gjort urett, gjer eg det aldri meir.»
33Trur du Gud vil løna deg som du ynskjer,
når du vanvørder hans råd?
Det er du som må velja, ikkje eg,
og så får du seia kva du veit.
34Kvar vismann som høyrer på meg,
ja, alle kloke menn vil seia:
35«Job talar utan skjøn,
det er ikkje meining i det han seier.
36Lat Job for alltid setjast på prøve,
fordi han svarar som ein ugjerningsmann.
37Han legg synd til synd.
Han hånar og spottar imellom oss
og brukar store ord mot Gud.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.