1Då tok Job til ords og svara Herren:
2Eg veit at allting maktast du;
ingen ting er umogeleg for deg
av det du har sett deg føre.
3Kven er det som gjer di rådgjerd uklår
med uvituge ord?
Eg har tala om ting eg ikkje skjønar,
om det som er så underfullt
at eg ikkje forstår det.
4Men høyr på meg, så vil eg tala.
Eg vil spørja deg, og du skal svara meg.
5Før hadde eg berre høyrt om deg,
men no har eg sett deg med eigne augo.
6Difor tek eg att kvart ordet
og syner min anger i støv og oske.
Herren velsignar Job meir enn før7Då Herren hadde tala dette til Job, sa han til Elifas frå Teman: «Eg er brennande harm på deg og dei to venene dine; for de har ikkje tala rett om meg, så som Job, tenaren min.
8Ta no sju oksar og sju verar og gå til Job, tenaren min, og ber dei fram som brennoffer for dykk! Så skal Job, tenaren min, be for dykk; og eg vil høyra bøna hans og spara dykk for den ulukka de hadde fortent, fordi de ikkje tala rett om meg, så som Job, tenaren min.»
10Då Job hadde bede for venene sine, vende Herren lagnaden hans. Han lét Job få dobbelt så mykje som han før hadde hatt.
15I heile landet fanst det ikkje så fagre kvinner som døtrene til Job. Faren lét dei arva til liks med brørne.
16Sidan levde Job i 140 år. Han fekk sjå born og barneborn i fire ættleder.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.