1Domsord mot Ninive.
Boka om dei synene Nahum frå Elkosj fekk. Herren tek hemn over motstandarane sine
2Ein brennhuga, hemnande Gud er Herren,
ja, ein hemnar er Herren og full av harme.
Herren hemner seg på sine motstandarar,
han held på vreiden mot sine fiendar.
3Herren er langmodig.
Men hans kraft er stor,
og han lèt ikkje vera å straffa.
Gjennom storm og uver går hans veg,
skyer er støvet under hans fot.
4Han trugar havet og turkar det ut,
alle elvar legg han turre.
Basan og Karmel visnar bort,
Libanons blomeprakt døyr.
5Fjella skjelv for han,
haugane skjek og rivnar.
Jorda bivrar for han,
verda og alle som bur der.
6Kven kan stå seg for hans harme,
kven held ut hans brennande vreide?
Hans harme strøymer fram som eld,
og knausane styrtar saman for han.
7Herren er god, eit vern i naud.
Han tek seg av dei som tyr til han.
8Men med veldig flaum
gjer han ende på sine motstandarar;
sine fiendar jagar han ut i mørkret.
9Kva emnar de på mot Herren,
han som reint kan gjera ende på dykk?
Nauda kjem ikkje ein gong til.
10Som ihopfletta tornebusker,
som eit knippe med kvister,
som turr halm skal dei brenna opp.
Judas berging og Ninives undergang11Frå deg gjekk det ut ein mann
som emna på vondskap mot Herren
og hadde vondt i tankar.
12Så seier Herren:
Om dei er aldri så sterke og mange,
skal dei hoggast ned og verta borte.
Og om eg har plaga deg,
skal eg ikkje gjera det meir.
13No vil eg bryta det åk han la på deg,
og slita sund dine lekkjer.
14Men dette er Herrens påbod om deg:
Ditt namn skal ikkje leva lenger.
Eg vil rydja ut or ditt gudshus
både utskorne og støypte gudebilete.
Eg vil laga ei grav åt deg,
for du er funnen for lett.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.