Salmane 88 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Mitt liv er kome dødsriket nær

1Ein song. Ein salme av Korah- songarane. Til korleiaren. Til å syngja etter «Mahalat». Ein læresalme av Heman, som høyrde Esrah-ætta til.

2Herre, du Gud som er min frelsar,

eg ropar til deg dag og natt.

3Lat mi bøn koma fram for deg,

vend øyra til mitt klagerop!

4Mi sjel er mett av ulukker,

mitt liv er kome dødsriket nær.

5Eg vert rekna til dei som steig ned i grava,

eg er som ein mann utan kraft.

6Eg er som ein død mellom døde,

lik falne som ligg i si grav;

du kjem dei ikkje meir i hug,

skilde som dei er frå di hand.

7Du har lagt meg i grava der nede,

i den mørke, djupe avgrunn.

8Din harme kviler tungt på meg

du lèt dine brotsjøar slå over meg. Sela

9Du har teke mine kjenningar frå meg

og gjort det så at dei avskyr meg.

Eg er innestengd og kjem ikkje ut,

10mitt auga sløvest av plager.

Herre, eg ropar dagleg til deg

og retter hendene ut mot deg.

11Gjer du vel under for dei døde,

står daudingar opp og prisar deg?

12Fortel dei om di miskunn i grava,

om din truskap i dødsriket?

13Vert dine under kjende i mørkret,

di rettferd i gløymslelandet?

14Men eg, Herre, ropar til deg,

om morgonen kjem mi bøn imot deg.

15Kvifor støyter du meg bort frå deg, Herre,

kvifor løyner du ditt andlet for meg?

16Eg er elendig, ja døden nær,

og det har eg vore frå ungdomen av;

rådvill ber eg dine redsler.

17Din brennande harme slår over meg,

dine redsler gjer ende på meg.

18Heile dagen er dei ikring meg som vatn,

alle saman omringar meg.

19Du har teke vener og frendar ifrå meg,

og mine kjenningar held du borte.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help