Esekiel 25 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Domsord mot grannefolk

1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2Menneske, vend deg mot ammonittane og tal profetord mot dei!

5Eg gjer Rabba til beitemark for kamelar, ammonittlandet til kvilestad for småfe. Då skal de sanna at eg er Herren.

6Ja, så seier Herren Gud: Fordi du klappa i hendene, trappa med føtene og gledde deg over Israels land, med djup vanvørdnad i di sjel,

7difor retter eg ut handa mot deg og gjev deg til bytte for andre folk. Eg rydjar deg ut or folka, driv deg bort frå landa og gjer ende på deg. Då skal du sanna at eg er Herren.

8Så seier Herren Gud: Moab og Se'ir sa: «Sjå, det har gått med Juda som med alle andre folk.»

14Eg vil la Israel, folket mitt, fullføra hemnen over Edom. Dei skal fara åt med Edom så som min vreide og harme krev, og dei skal få kjenna min hemn, seier Herren Gud.

15Så seier Herren Gud: Fordi filistarane tok hemn, ja hemnde seg med vanvørdnad i si sjel og herja og øydde på grunn av gamal fiendskap, Sef 2,5

17Eg tek ein hard hemn over dei når eg tuktar dei i min harme. Og dei skal få sanna at eg er Herren, når eg lèt min hemn koma over dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help