Hosea 14 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Samaria skal bøta,

fordi folket i byen var trassig mot sin Gud.

Dei skal falla for sverd,

deira småborn skal knusast,

og kvinnene som ventar barn,

skal skjerast opp. Eg vil lækja deira fråfall

2Vend om, Israel, til Herren din Gud,

for synda di har ført deg til fall.

3Kom med dei rette ord,

vend om til Herren og sei:

«Tilgjev all vår skuld,

og ta imot vår gode gåve,

så gjev vi deg lovsong med våre lipper!

4Assur kan ikkje hjelpa oss.

Vi vil ikkje ri på hestar

og ikkje lenger seia: Vår gud!

til det våre hender har gjort.

Hjå deg finn den farlause miskunn.»

5Eg vil lækja deira fråfall,

og eg vil elska dei av hjarta,

for vreiden min har vendt seg frå dei.

6Eg vil vera som dogg for Israel;

han skal bløma som ei lilje

og røta seg som trea på Libanon.

7Hans renningar skal breia seg utover,

han skal vera fager som oliventreet

og anga som skogen på Libanon.

8Atter skal dei bu i min skugge,

endå ein gong skal dei dyrka korn.

Dei skal bløma som eit vintre,

få ry som vinen frå Libanon.

9Kva skal Efraim med avgudar meir?

Eg vil bønhøyra han og sjå til han.

Eg er som ein grøn sypress,

frå meg skal frukta di koma.

10Kven er så klok at han skjønar dette,

så vitug at han merkar seg det?

Ja, Herrens vegar er rette,

dei rettferdige ferdast på dei,

men illgjerdsmennene snåvar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help