1Så tok han ut derifrå og kom til bygdene i Judea og til landet austanfor Jordan. Folket samla seg atter ikring han, og han lærte dei som han hadde for vane.
2Då kom det nokre farisearar og spurde han: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si?» Dei ville setja han på prøve.
3«Kva har Moses bode?» sa Jesus.
4Dei svara: «Moses har gjeve mannen lov til å skriva skilsmålsbrev og senda henne frå seg.»
25Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i Guds rike.»
26Då vart dei reint forfærde og sa til kvarandre: «Kven kan då verta frelst?»
27Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogeleg, men ikkje for Gud. Alt er mogeleg for Gud.»
28Då tok Peter til ords og sa: «Kva så med oss, som har gått ifrå alt og fylgt deg?»
29Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ingen har skilt seg med hus eller brør eller systrer eller mor eller far eller born eller åkrar for mi skuld eller for evangeliet skuld,
30utan at han skal få det att hundre gonger: her i tida hus, brør, systrer, mødrer, born og åkrar – men forfylgingar òg – og i den verda som kjem, evig liv.
31Men mange som er dei fyrste, skal verta dei siste, og dei siste skal verta dei fyrste.»
Jesus talar tredje gongen om at han skal døy og stå opp att(Matt 20,17–19; Luk 18,31–34)32Dei var no på veg opp til Jerusalem, og Jesus gjekk føre dei. Læresveinane var ottefulle, og dei som fylgde med, var redde. Då samla han atter dei tolv ikring seg og tok til å tala med dei om det som skulle henda han:
33«Sjå, vi dreg opp til Jerusalem, og Menneskesonen skal gjevast i hendene på overprestane og dei skriftlærde. Dei skal døma han til døden og gje han over til heidningane, Den blinde Bartimeus(Matt 20,29–34; Luk 18,35–43)
46Så kom dei til Jeriko. Og då Jesus drog ut or byen saman med læresveinane sine og ei stor folkemengd, sat det ein blind mann attmed vegen og tigga. Han heitte Bartimeus og var son til Timeus.
47Då han høyrde at det var Jesus frå Nasaret som kom, sette han i og ropa: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!»
48Mange skjente på han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!»
49Då stogga Jesus og sa: «Bed han koma hit!» Dei ropa på den blinde og sa til han: «Ver frimodig! Reis deg opp! Han kallar på deg.»
50Mannen kasta av seg kappa, spratt opp og kom bort til Jesus.
51«Kva vil du at eg skal gjera for deg?» spurde Jesus. Den blinde svara: «Rabbuni, lat meg få synet!»
52Då sa Jesus til han: «Gå du! Trua di har frelst deg.» Med ein gong kunne han sjå, og han fylgde Jesus på vegen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.