1Då reiste dei seg, alle saman, og førte han til Pilatus.
2Der tok dei til å føra klagemål mot han. Dei sa: «Vi har funne ut at denne mannen fører folket vårt på avveg: Han forbyd å gje keisaren skatt, og seier at han er Messias, ein konge.»
6Då Pilatus høyrde det, spurde han om mannen var frå Galilea,
7og då han fekk vita at han høyrde under Herodes, sende han Jesus til han; for Herodes òg var i Jerusalem i dei dagane. For Herodes
8Herodes vart svært glad då han fekk sjå Jesus, for han hadde høyrt om han og lenge hatt hug å møta han. No gjorde han seg von om å få sjå Jesus gjera eit teikn. Pilatus feller domen(Matt 27,15–26; Mark 15,6–15; Joh 19,6–16)
13Så kalla Pilatus saman overprestane, rådsherrane og folket
14og sa til dei: «De har ført denne mannen fram for meg og sagt at han eggjar opp folket. No har eg spurt han ut medan de høyrde på, og eg har ikkje funne han skuldig i noko av det de klagar han for.
15Det har ikkje Herodes heller, for han har sendt han attende til oss. Han har såleis ikkje gjort noko som han skulle lata livet for.
16Difor vil eg la han piska, og så setja han fri.»
17Men han laut gje dei ein fange fri til høgtida.
18Då ropa dei alle som ein: «Bort med han! Gjev oss Barabbas fri!»
19Barabbas var ein mann som sat fengsla for opprør i byen og for mord. Jesus døyr(Matt 27,45–56; Mark 15,33–41; Joh 19,28–30)
44Det var alt kring den sjette timen. Då vart det mørkt over heile landet, og mørkret låg til den niande timen;
45for sola hadde svartna. Førehenget i templet rivna midt i to,
47Då offiseren såg det som hende, lova han Gud og sa: «Denne mannen var sanneleg rettferdig!»
48Og alle som hadde samla seg for å sjå på, slo seg for bringa då dei såg det som hende, og gjekk derifrå. Jesus vert gravlagd(Matt 27,57–61; Mark 15,42–47; Joh 19,38–42)
50Det var ein rådsherre som heitte Josef; han var ein god og rettvis mann
51og hadde ikkje vore med på det dei andre hadde vedteke og sett i verk. Han var frå Arimatea, ein by i Judea, og var ein av dei som venta på at Guds rike skulle koma.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.