1No skal de få høyra, brør, om den nåde Gud har synt kyrkjelydane i Makedonia.
8Eg seier ikkje dette som eit påbod, men eg nemner iveren hjå dei andre for å prøva om kjærleiken dykkar er ekte.
9De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle verta rike.
Den som fekk mykje,
hadde ikkje meir enn han trong,
og den som fekk lite,
vanta ikkje noko.
Titus og utsendingane frå kyrkjelydane16Men Gud vere takk, som har vekt den same omsut for dykk hjå Titus òg.
17Han sa ja då eg bad han, og vart så ihuga at no reiser han til dykk etter eige ynske.
18Saman med han sender vi den broren som får ros i alle kyrkjelydane for sitt arbeid for evangeliet.
19Ja, ikkje berre det, men kyrkjelydane har valt han ut til å reisa saman med oss og bera fram den gåva som vi har samla inn for å fremja Herrens ære og visa vår gode vilje.
20På den måten kan ingen lasta oss for noko i samband med den store gåva som vi har hand om.
21For vi legg vinn på å gjera det som rett er, ikkje berre for Herren, men òg for menneske.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.