1På den tid vart kong Hiskia så sjuk at det stod om livet. Då kom profeten Jesaja, son til Amos, til han og sa: «Så seier Herren: No må du ordna opp etter deg, for du skal døy; du får ikkje leva lenger.»
12Som eit gjætartelt
vert min bustad teken ned
og ført bort ifrå meg.
No rullar eg saman min livsvev,
dei siste trådane skjer han av.
Frå morgon til kveld
gjev du meg i dødens vald.
13Eg ropar om hjelp til morgonen renn;
som ei løve knasar han alle mine bein.
Frå morgon til kveld
gjev du meg i dødens vald.
14Eg pip som svala og trasta
og klynkar som ei due.
Med sløve augo ser eg opp mot det høge.
Eg er i naud, Herre,
gå god for meg, du!
15Kva skal eg seia?
Han gav meg ein lovnad
og har gripe inn.
Stilt vil eg ferdast alle mine dagar
etter all mi sjelekvide.
16Herre, ved dette får menneske liv,
det held mi ånd i live.
Så gjer meg då frisk,
og lat meg få leva!
17Sjå, det som var så bittert,
har vorte til fred for meg.
Du har spart mitt liv,
så eg ikkje går til grunne i grava.
For alle mine synder
har du kasta bak din rygg.
18Dødsriket prisar deg ikkje,
ingen av dei døde lovar deg.
Dei som fer ned i grava,
ventar ikkje på din truskap.
19Dei levande er det som prisar deg,
liksom eg i dag.
Ein far fortel sine søner
om din truskap, Gud.
20Herren vil frelsa meg.
Kom, lat oss spela på harpe
framfor Herrens hus alle våre dagar.
21Jesaja sa: «Henta ei fikenkake og legg henne til plaster på svullen! Så vert kongen god att.» 2 Kong 20,7
22Då spurde Hiskia: «Kva skal eg ha til teikn på at eg kan gå opp til Herrens hus?»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.