1No leid det til usyrdebrødshelga, som dei òg kallar påske.
3Då fór Satan i Judas, han som dei kalla Iskariot, og var ein av dei tolv.
5Dei vart glade og lova å gje han pengar.
6Judas gjekk med på dette, og sidan leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus ein gong han ikkje hadde folket ikring seg.
Påskemåltidet vert førebutt(Matt 26,17–19; Mark 14,12–16)7Så kom den dagen i usyrdebrødshelga då påskelammet skulle slaktast.
8Då sende Jesus Peter og Johannes i veg og sa: «Gå og stell til for oss, så vi kan halda påskemåltid.»
9«Kvar vil du vi skal stella det til?» spurde dei.
10Han svara: «Når de kjem inn i byen, møter de ein mann som ber ei krukke med vatn. Han skal de fylgja til det huset han går inn i,
11og så skal de seia til han som eig huset: Meisteren spør: Kvar er romet der eg kan halda påskemåltid saman med læresveinane mine?
12Då skal han syna dykk ein sal ovanpå med benker og puter. Der skal de stella til.»
13Så gjekk dei og fann det så som han hadde sagt, og dei stelte til påskemåltidet.Nattverden(Matt 26,20–30; Mark 14,17–25)
14Då tida kom, sette Jesus seg til bords, og apostlane med han.
15Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemålet i lag med dykk, før eg skal lida.
16For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta det før det har fått si fullending i Guds rike.»
17Så tok han ein kalk, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk.
18For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.»
19Så tok han eit brød, takka, braut det, gav dei og sa: «Dette er min lekam, som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.»
21Men sjå, han som svik meg, held handa si på bordet saman med meg.
28De er dei som har halde ut hjå meg i prøvingane mine.
29Og no overlèt eg riket til dykk, liksom Far min har overlate det til meg:
31Simon, Simon! Satan kravde å få sikta dykk som kveite.
32Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine.»
33«Herre,» sa Peter, «med deg er eg budd til å gå både i fengsel og i døden.»
34Men Jesus svara: «Eg seier deg, Peter: Hanen gjel ikkje i natt før du tre gonger har nekta at du kjenner meg.»
35Så sa han til dei: «Då eg sende dykk i veg utan pung eller skreppe eller skor, vanta de då noko?» «Nei, ingen ting,» svara dei. Peter fornektar Jesus(Matt 26,69–75; Mark 14,66–72; Joh 18,12–18.25–27)
54Då tok dei han og førte han til huset åt øvstepresten. Peter fylgde etter eit langt stykke unna. Matt 26,57f; Mark 14,53f
55Midt inne på gardsplassen hadde dei gjort opp ein eld, og Peter slo seg ned mellom dei som sat der.
56Medan han sat der i ljoset, fekk ei tenestjente sjå han; ho stirte på han og sa: «Han der var òg med han.»
57Men Peter nekta og sa: «Eg kjenner han ikkje, kvinne!»
58Litt etter la ein annan merke til han og sa: «Du òg er ein av dei.» «Nei, det er eg ikkje,» svara Peter.
59Men ein times tid etter var det ein til som slo fast: «Jau visst var denne mannen òg med han! Han er då galilear.»
60Men Peter sa: «Eg skjønar ikkje kva du snakkar om, mann!» I det same, før han hadde tala ut, gol hanen.
61Då vende Herren seg og såg på Peter; og Peter kom i hug det Herren hadde sagt til han: «Før hanen gjel i natt, skal du fornekta meg tre gonger.» 22,34
62Og han gjekk ut og gret sårt.
Jesus for Det høge rådet(Matt 26,59–68; Mark 14,55–65; Joh 18,19–24)63Mennene som heldt vakt over Jesus, spotta han og slo han.
64Dei batt for augo hans og sa: «No kan du vera profet! Kven var det som slo deg?»
65Og dei håna han på mange andre måtar òg.
66Då det vart dag, kom eldsterådet åt folket saman til møte med overprestane og dei skriftlærde. Jesus vart ført fram for dei,
67og dei sa: «Er du Messias, så sei oss det.» Han svara: «Om eg seier dykk det, trur de meg ikkje,
68og om eg spør, svarar de ikkje.
69Men heretter skal Menneskesonen sitja ved høgre handa åt den mektige Gud.» Sal 110,1
70Då spurde dei alle: «Så er du då Guds Son?» Han svara: «De seier sjølve at eg er det.»
71Då sa dei: «Kva skal vi no med vitnemål? Vi har sjølve høyrt det av hans eigen munn.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.