1For Sions skuld vil eg ikkje teia,
for Jerusalems skuld vil eg ikkje vera still,
før hennar rett strålar fram med glans
og hennar frelse som ein brennande fakkel.
2Då skal folkeslag sjå di rettferd
og alle kongar din herlegdom.
Du skal få eit nytt namn,
som Herren sjølv skal gje deg.
3Du skal vera ein herleg krans i Herrens hand,
ein kongeleg hovudprydnad
i handa åt din Gud.
4Du skal ikkje lenger kallast «Den forlatne»,
og ditt land skal ikkje meir heita «Øydemark».
Men du skal kallast «Mi kjære»,
og landet ditt skal heita «Kone».
For Herren skal ha deg kjær,
og landet ditt skal takast til ekte.
5Som ein ungdom gifter seg med ei møy,
skal dine søner ta deg til ekte.
Og som ein brudgom gleder seg over si brur,
skal din Gud gleda seg over deg.
6På murane dine, Jerusalem,
har eg sett vaktmenn.
Og dei skal aldri teia
anten dag eller natt.
De som prisar Herren,
unn dykk ikkje ro!
7Lat heller ikkje han få ro
før han byggjer opp att Jerusalem
og gjer byen til ein lovsong på jorda.
8Herren har svore ved si høgre hand
og ved sin veldige arm:
Aldri meir skal eg gje ditt korn
til føde for dine fiendar,
og ikkje skal framande drikka din vin,
som du har hatt møda med.
9Nei, dei som haustar kornet,
skal eta det og prisa Herren;
og dei som sankar druene,
skal drikka vinen
i mine heilage tempelgardar. På heimveg
10Dra ut, dra ut gjennom portane,
og ryd ein veg for folket!
Bygg, ja bygg ein kongsveg
og reinsa han vel for stein!
Reis ei merkestong for folka!
11Høyr, Herren lèt det ljoma
til heimsens ende:
Sei til Sions dotter:
Sjå, di frelse kjem!
Sjå, dei han fekk i løn, er med han,
dei han vann, går føre han.
12Dei skal kallast det heilage folket,
dei som Herren har løyst ut.
Og sjølv skal du kallast den søkte,
byen som ikkje ligg aud og tom.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.