1Ve dei som gjev urettferdige lover
og føresegner som er til ulukke!
2Dei driv småkårsfolk bort frå retten
og tek frå dei verjelause i mitt folk
det dei har rett på.
Enkjene gjer dei til sitt hærfang,
og farlause plyndrar dei.
3Men kva vil de gjera på rekneskapsdagen,
når stormveret kjem langt bortanfrå?
Kven vil de fly til etter hjelp,
og kvar vil de gjera av rikdomen dykkar?
4Då er det ingen annan utveg
enn å siga i kne mellom fangar
eller å falla mellom dei drepne.
Men med det har harmen hans ikkje lagt seg,
og enno retter han ut si hand.
Domen over Assurs hovmod5Ve Assur, mitt vreideris!
Min harme er staven i hans hand.
6Eg sende han mot eit gudlaust folk,
baud han fara mot det folk eg var harm på,
så han kan røva og rana og plyndra
og trakka det ned som avfall i gata.
7Men han har ikkje meint det så
og gjer seg ikkje slike tankar.
Nei, til å øyda står hans hug
og til å rydja ut mange folk.
8Han seier: «Er ikkje mine stormenn
kongar alle saman?
9Gjekk det ikkje Kalno som Karkemisj?
Gjekk det ikkje Hamat som Arpad,
og Samaria som Damaskus?
10Når mi hand har nått til dei rika
der dei dyrka andre gudar,
og der det var fleire gudebilete
enn i Jerusalem og Samaria,
11skulle eg ikkje då kunna gjera det same
med Jerusalem og gudebileta der
som eg gjorde med Samaria og gudane der?»
12Men når Herren har fullført alt sitt verk
på Sion-fjellet og i Jerusalem,
då krev eg Assur-kongen til rekneskap
for fylgjene av hans hovmodige ferd
og for trassen i hans stolte augo.
13For han har sagt:
«Dette har eg gjort med mi sterke hand,
og i min visdom, for eg er klok.
Eg sletta ut grenser mellom folkeslag
og plyndra skattane deira.
I mitt velde støytte eg fyrstar frå trona.
14Mi hand greip etter rikdomen åt folka
som ein grip etter eit fuglereir.
Som ein samlar inn egg når fuglen er flogen,
har eg samla alle land på jorda.
Det fanst ingen som rørte ein veng
eller opna nebben og peip.»
15Briskar vel øksa seg mot den som høgg,
set saga seg over den som sagar?
Som om staven skulle svinga han som lyfter han,
og stokken lyfta han som ikkje er av tre!
16Difor skal Herren, Allhærs Gud,
senda tærande sjukdom
mellom assyrarkongens sterke menn.
Under all hans herlegdom skal det kveikjast ein eld,
og som eit bål skal han loga.
17Israels ljos skal verta ein eld,
Israels Heilage ein loge
som brenn i landet hans
og øyder både torn og tistel
på ein einaste dag.
18Han skal gjera ende på rubb og stubb
i dei herlege skogane og hagane hans.
Det skal gå som når ein sjuk tærest bort.
19Dei tre som vert att i skogen,
skal vera lette å telja;
ein smågut kan skriva dei opp.
Ein rest vender om og vert frelst20Den dagen skal Israels rest
og dei av Jakobs ætt som er berga,
ikkje lenger stø seg til han som slo dei,
men trufast stø seg
til Herren, Israels Heilage.
21Ein rest skal venda om, ein rest av Jakob,
til den veldige Gud.
22For om folket ditt, Israel,
var talrikt som havsens sand,
skal berre ein rest venda om.
Øyding er fastsett,
ho velt fram med rettferd.
23For Herren, Allhærs Gud,
lèt den fastsette øyding
koma over all jorda.
24Så seier Herren, Allhærs Gud:
Mitt folk, du som bur på Sion,
ver ikkje redd for Assur
når han slår deg med stokken
og lyfter staven sin mot deg,
som dei gjorde i Egypt.
25For om ei lita stund
er harmen min slokna,
og i min vreide gjer eg ende på fienden.
26Då skal Herren, Allhærs Gud,
svinga ei svepe over dei,
som då han slo Midjan ved Orebs-berget.
Han skal retta staven sin ut over havet
og lyfta han sameleis som i Egypt.
27Den dagen skal det henda
at han tek børa av akslene dine
og åket av halsen din;
åket skal brotna for ditt aukande hold.
Fienden på veg mot Jerusalem28Fienden kjem over Ajjat
og dreg gjennom Migron;
han lèt etter seg trenet i Mikmas.
29Så fer dei over skaret:
«I Geba gjev vi oss til for natta!»
Rama skjelv av redsle,
folket rømer frå Sauls Gibea.
30Skrik høgt, du Gallim-by!
Lyd etter, Laisja, gjev svar, Anatot!
31Folket i Madmena flyr,
i Gebim bergar dei seg unna.
32Alt i dag vil fienden stå i Nob
og svinga handa mot Sion-fjellet,
mot Jerusalems-høgda.
33Sjå, Herren, Allhærs Gud,
høgg greinene av med skræmeleg kraft.
Høge tre vert felte,
røslege tre sig i bakken.
34Den tjukke skogen vert hoggen med øks,
Libanon fell for Den Veldige.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.