Matteus 23 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Jesus åtvarar mot dei skriftlærde og farisearane(Mark 12,38–40; Luk 11,43.46; 20,45–47)

1Sidan tala Jesus til folket og til læresveinane sine og sa:

2«På Mose stol sit dei skriftlærde og farisearane.

3Alt det dei seier til dykk, skal de gjera og halda; men etter gjerningane deira skal de ikkje retta dykk. For dei seier eitt og gjer noko anna.

8Men de skal ikkje la nokon kalla dykk rabbi; for det er éin som er læraren dykkar, og de er alle sysken.

9Og kalla ikkje nokon her på jorda far; for de har berre éin Far, han som er i himmelen. Ve-rop over dei skriftlærde og farisearane(Luk 20,47; 11,39–44.47–52)

13Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De stengjer himmelriket for folk. Sjølve går de ikkje inn, og dei som vil gå inn, hindrar de.

14Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De slår til dykk husa åt enkjer og held lange bøner for syn skuld. Difor skal de få så mykje hardare dom.

15Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De dreg land og strand for å vinna ein einaste tilhengjar, og når det har lukkast, gjer de han til ein som fortener helvete dobbelt så mykje som de sjølve.

16Ve dykk, blinde rettleiarar, som seier: Sver du ved templet, har det ikkje noko å seia; men sver du ved gullet i templet, då er du bunden.

25Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjer skåler og fat reine utanpå, men inni er dei fulle av havesykje og lyster.

29Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De byggjer gravmæle over profetane og pryder gravene åt heilage menn og seier:

30Hadde vi vore til då fedrane våre levde, då hadde vi ikkje vore med på å drepa profetane.

34Difor sender eg til dykk profetar og vismenn og skriftlærde. Somme av dei kjem de til å drepa og krossfesta, somme kjem de til å piska i synagogene og forfylgja frå by til by.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help