1Eg vil leggja inn eit godt ord hjå dykk for Føbe, syster vår; ho gjer teneste i kyrkjelyden i Kenkreæ.
2Ta imot henne i Herren, som det sømer seg for kristne. Gjev henne den hjelp ho treng å få av dykk. Sjølv har ho vore til hjelp for mange, for meg òg.
3Helsa Priska og Akvilas, medarbeidarane mine i Kristi Jesu teneste.
17Eg legg dykk på hjarta, brør: Hald auga med dei som går imot den læra de har motteke, og med det skaper usemje og fører andre til fall. Hald dykk frå dei.
21Timoteus, medarbeidaren min, og Lukius, Jason og Sosipater, landsmennene mine, helsar dykk.
24Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle! Amen.
25Lova vere Gud, han som har makt til å styrkja dykk med mitt evangelium, bodskapen om Jesus Kristus, etter openberringa av den løyndomen som har vore duld frå evige tider,
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.