1David samrådde seg med førarane, både dei over tusen og dei over hundre mann, med alle hovdingane.
6Og David og alle israelittane fór opp til Ba'ala, til Kirjat-Jearim, som ligg i Juda. Der ville dei henta paktkista åt Herren Gud, han som tronar over kjerubane, og som kista har namn etter.
7Dei sette Guds kiste på ei ny vogn og førte henne frå Abinadabs hus. Det var Ussa og Akjo som køyrde vogna.
8David og heile Israel dansa av all kraft for Herrens åsyn, og dei song til tonar frå lyrer og harper, trommer, cymblar og trompetar.
9Men då dei kom til treskjevollen åt Kidon, rette Ussa ut handa og tok tak i paktkista, fordi oksane var ustyrlege.
10Då vart Herren brennande harm på Ussa og slo han fordi han hadde rett ut handa mot paktkista, og han døydde der for Guds åsyn.
11David vart oppøst fordi Herren hadde slege ned Ussa. Han kalla den staden Peres-Ussa, og det har han heitt til denne dag.
12Den dagen vart David fylt med age for Herren og sa: «Korleis skulle eg kunna føra Guds paktkiste hit til meg?»
13Så tok han ikkje paktkista med seg til Davids-byen, men sette henne i huset åt Obed-Edom frå Gat.
14Der vart ho ståande i tre månader. Og Herren velsigna huslyden åt Obed-Edom og alt det som høyrde han til.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.