1. Krønikebok 16 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Levittane lovar Herren

1Dei førte Guds paktkiste inn og sette henne i det teltet som David hadde reist åt henne, og dei bar fram brennoffer og måltidsoffer for Gud.

2Då David var ferdig med å bera fram desse offera, velsigna han folket i Herrens namn.

3Så delte han ut til kvar israelitt, både mann og kvinne, ein brødleiv, ei daddelkake og ei rosinkake.

4Sidan sette han nokre av levittane til å gjera teneste framfor Herrens paktkiste og til å lova og takka og prisa Herren, Israels Gud.

5Asaf var den øvste av dei; etter han kom Sakarja, så Asiel, Sjemiramot, Jehiel, Mattitja, Eliab, Benaja, Obed-Edom og Je'iel, alle med harper og lyrer. Asaf skulle slå på cymblane,

6og prestane Benaja og Jahasiel skulle støtt blåsa i trompetar framfor paktkista.

7Den dagen sette David for fyrste gong Asaf og brørne hans til å lovsyngja Herren:

8Pris Herren, kalla på hans namn,

forkynn hans storverk mellom folka!

9Syng for han, og spel for han,

tal om alle hans under!

10Ros dykk av hans heilage namn!

Dei som søkjer Herren, skal gleda seg.

11Spør etter Herren og hans makt,

søk alltid hans åsyn!

12Kom i hug dei under han har gjort,

hans teikn og domsord,

13de born av Israel, hans tenar,

Jakobs søner, som han har valt ut.

14Han er Herren vår Gud,

over all jorda rår hans rett.

15Han kjem si pakt i hug til evig tid,

det ord han gav til tusen ætter,

16den pakt han gjorde med Abraham,

sin dyre lovnad til Isak.

17Den gjorde han til ei lov for Jakob,

til ei evig pakt for Israel.

18Han sa: «Deg vil eg gje

Kanaan til arv og eige.»

19Då dei endå var få i landet,

ein liten flokk av innflyttarar,

20vandra dei frå folk til folk,

frå det eine riket til det andre.

21Men han lét ingen få trælka dei,

han tukta kongar for deira skuld:

22«Rør ikkje dei som eg har salva,

gjer ikkje vondt mot mine profetar!»

23Syng for Herren, all jorda,

forkynn frå dag til dag hans frelse!

24Fortel mellom folkeslag om hans herlegdom,

mellom alle folk om hans under!

25Ja, stor og høglova er Herren,

meir ageleg enn alle gudar.

26Alle gudane åt folka er ingenting verde.

Det var Herren som skapte himmelen.

27Høgd og herlegdom er framføre han,

makt og glede på hans heilage stad.

28Gjev Herren ære og makt,

gjev han ære og makt, de folkeætter!

29Gjev Herren den ære hans namn skal ha,

stig fram for han med offergåver!

Bøy dykk for Herren

og tilbed han i heilagt skrud!

30Skjelv for hans åsyn, all jorda!

Fast står verda, ho kan ikkje rikkast.

31Himmelen skal gleda seg,

jorda skal jubla;

dei skal fortelja mellom folka:

Herren er konge.

32Havet og alt som i det er, skal brusa.

Marka og alt det ho ber, skal jubla,

33kvart tre i skogen skal ropa av fryd.

Dei skal ropa for Herren,

som kjem og vil døma jorda.

34Pris Herren, for han er god,

hans miskunn varer til evig tid!

35Frels oss, vår frelsande Gud, skal dei seia.

Samla oss og berga oss frå folkeslaga,

så vi kan prisa ditt heilage namn

og setja vår ære i å lovsyngja deg.

36Lova vere Herren, Israels Gud,

frå æve til æve!

Og alt folket sa «amen» og prisa Herren.

Tenesta ved paktkista

37Så lét David Asaf og brørne hans vera der framfor Herrens paktkiste – dei skulle støtt gjera teneste framfor kista, som det var fastsett for kvar dag –

38og like eins Obed-Edom og brørne hans, sekstiåtte i talet. Obed-Edom, son til Jedutun, og Hosa skulle vera dørvaktarar.

39Men presten Sadok og brørne hans, prestane, lét han vera framfor Herrens bustad på haugen i Gibeon.

40Dei skulle støtt bera fram brennoffer for Herren på brennofferaltaret, både morgon og kveld, og gjera alt det som står skrive i den lova som Herren hadde gjeve Israel. 2 Mos 29,38ff; 2 Krøn 13,11

41Saman med dei skulle Heman og Jedutun og dei andre utvalde som er nemnde med namn, røysta i: «Pris Herren, for hans miskunn varer til evig tid!»

42Desse to, Heman og Jedutun, hadde trompetar og cymblar hjå seg til bruk for dei som skulle spela, og like eins andre instrument til songen i gudstenesta. Jedutun-sønene var dørvaktarar.

43Så tok alt folket ut og fór kvar til sin heim; og David vende òg heim att, ville velsigna huslyden sin.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help