1Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser.
4I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Av di han trudde, fekk han det vitnemålet at han var rettferdig; for Gud godkjende offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, etter sin død.
5Fordi Enok trudde, vart han bortrykt utan å døy. Ingen såg han meir, for Gud hadde teke han til seg. Før han vart bortrykt, fekk han det vitnemålet at han var til hugnad for Gud.
8I tru var Abraham lydig då han vart kalla, så han drog ut til eit land som han skulle få til odel og eige. Han tok ut endå han ikkje visste kvar han skulle koma.
11I tru fekk òg Sara, gamal som ho var, kraft til å grunnleggja ei ætt. For ho leit på at han som hadde gjeve lovnaden, var trufast.
13I tru døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det langt borte og helsa det, og dei sanna at dei var framande og utlendingar på jorda.
17I tru bar Abraham fram Isak som offer då han vart sett på prøve. Einaste son sin var han viljug til å ofra, han som hadde fått lovnadene,
23I tru var det at foreldra til Moses gøymde den nyfødde guten i tre månader; for dei såg at det var så vent eit barn. Dei lét seg ikkje skræma av kongens bod.
30På grunn av tru fall Jerikos murar då folket hadde gått ikring dei i sju dagar.
32Og kva meir skal eg nemna? Tida strekk ikkje til om eg skal fortelja om Gideon, Barak, Samson og Jefta, om David, Samuel og profetane. Dom 4–7; 10–16; 1–2 Sam
33Ved tru vann dei over kongerike, heldt oppe retten, fekk lovnader oppfylte, stoppa gapet på løver, Dom 14,5f; 1 Sam 17,34ff; Dan 6,23
34sløkte veldig eld, slapp unna kvasse sverd, gjekk frå vesaldom til styrke, vart sterke i krig og slo fiendehærar på flukt. Dan 3,23ff
35Kvinner fekk att sine døde; dei stod opp. Somme vart lagde på pinebenken og sa nei til frigjeving. Dei ville heller vera med i oppstoda til eit betre liv. 1 Kong 17,17ff; 2 Kong 4,17ff
36Andre laut tola spott og piskeslag, ja, jamvel lekkjer og fengsel. Jer 20,2; 37,15ff
37Somme vart steina og pinte, gjennomsaga eller drepne med sverd. Andre laut fara ikring i saueskinn og geiteskinn; dei leid naud, var i trengsle og fekk hard medferd. 2 Krøn 24,20f
38Dei var for gode for denne verda. Dei flakka omkring i øydemarker og fjell og heldt til i holer og hellerar.
39Alle desse fekk godt vitnemål for si tru, men dei opplevde ikkje å få det som var lova. 11,2.13
40For Gud hadde for vår skuld noko betre i tankar; dei skulle ikkje nå fullendinga utan oss.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.