1. Korintar 15 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Oppstoda

1Eg kunngjer dykk, brør, det evangelium som eg forkynte dykk, som de òg tok imot, som de òg står støe i.

at Kristus døydde for syndene våre etter skriftene,

4at han vart gravlagd,

at han stod opp att tredje dagen etter skriftene,

5og at han synte seg for Kefas og deretter for dei tolv.

6Så synte han seg for meir enn fem hundre brør på ein gong. Dei fleste av dei lever enno; men nokre er avsovna.

7Sidan synte han seg for Jakob, så for alle apostlane.

8Og aller sist synte han seg for meg, eg som berre er eit ufullbore foster.

9For eg er den ringaste av apostlane, eg er ikkje verdig til å kallast apostel, for eg har forfylgt Guds kyrkje.

34Vakna retteleg opp og synda ikkje! For somme av dykk kjenner ikkje Gud. Til skam for dykk må eg seia det.

35Men no kunne einkvan seia: «Korleis står dei døde opp; kva slag lekam har dei?»

36Du uvituge menneske! Det du sår, vert ikkje til nytt liv utan at det døyr.

51Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna av, men vi skal alle verta omskapte,

52i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte. Matt 24,31+; 1 Tess 4,16

53For dette forgjengelege må verta ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege ikledt udøyelegdom. 2 Kor 5,4

54Men når dette forgjengelege er ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege er ikledt udøyelegdom, då vert det ordet oppfylt som står skrive: Døden er gløypt og sigeren vunnen.

55Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger? Jes 25,8; Hos 13,14

56Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova. Rom 7,7ff

57Men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus! 1 Joh 5,5

58Difor, mine kjære brør, ver støe og urikkande; gjer alltid framsteg i arbeidet for Herren! For de veit at arbeidet dykkar i Herren ikkje er fåfengt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help