Jesaja 60 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Solrenning over Sion

1Reis deg i stråleglans!

For ljoset ditt kjem,

og Herrens herlegdom renn opp over deg.

2Sjå, mørker ligg over jorda

og skydimme over folka.

Men over deg strålar Herren fram,

over deg syner hans herlegdom seg.

3Mot ditt ljos skal folkeslag fara,

mot din strålande glans skal kongar gå.

4Lyft augo og sjå deg ikring!

Dei samlar seg alle og kjem til deg.

Dine søner kjem langt bortanfrå,

dine døtrer vert borne på armen.

5Då skal du sjå det og stråla av glede,

hjarta skal banka og vida seg ut.

For havsens rikdom strøymer imot deg,

skattane åt folka kjem til deg.

6Kamelar i mengd fyller landet,

kamelfolar frå Midjan og Efa.

Dit kjem alle frå Saba,

gull og røykjelse fører dei med seg.

Med glede forkynner dei Herrens pris.

7Alle sauer frå Kedar samlast hjå deg,

verar frå Nebajot står til di teneste.

Til glede for meg skal dei ofrast på mitt altar,

og eg vil pryda mitt herlege tempel.

8Kven er desse

som kjem lik drivande skyer,

lik duer som flyg til sine hus?

9Øyar og strender ventar på meg.

Fremst går Tarsis-skipa.

Langt bortanfrå fører dei dine søner

og deira gull og sølv med dei,

til ære for namnet åt Herren din Gud,

for Israels Heilage, som gjev deg slik heider.

10Framande skal byggja dine murar,

og deira kongar skal tena deg.

I min harme har eg slege deg,

men i min nåde miskunnar eg deg.

11Dine portar skal alltid stå opne,

korkje dag eller natt skal dei stengjast,

så rikdomen åt folka kan førast til deg

og kongane deira i fangeflokken.

12For det folk og det rike

som ikkje vil tena deg,

skal gå til grunne,

og folkeslag skal rydjast ut.

13Til deg kjem Libanons herlege tre,

både sypress og gran og buksbom;

dei skal pryda den stad

der min heilagdom står,

og æra den stad

der eg set min fot.

14Sønene til dei som trælka deg,

kjem og bøyer seg djupt for deg.

Alle som vanvørde deg,

kastar seg ned for dine føter.

Dei skal kalla deg Herrens by,

Sion, som høyrer Israels Heilage til.

15Før sat du einsam og hata,

ingen såg innom deg.

Men no gjer eg deg stor for alltid,

til ei glede frå ætt til ætt.

16Då skal du suga mjølk frå folka,

ved kongars bryst skal du næra deg.

Du skal kjenna at eg, Herren, er din frelsar,

at Jakobs Veldige er din utløysar.

17Eg gjev deg gull i staden for kopar

og sølv i staden for jern;

eg gjev deg kopar i staden for tre

og jern i staden for stein.

Fred lèt eg råda over deg

og rettferd styra deg.

18Det skal ikkje meir høyrast om vald i ditt land,

om herjing og øyding innan dine grenser.

Du skal kalla dine murar Frelse

og dine portar Lovsong.

19Då treng ikkje sola lysa for deg om dagen

eller månen om natta.

For Herren skal vera ditt ljos for evig,

din Gud skal vera din herlegdom.

20Aldri meir skal sola di glada

eller månen din missa sin glans.

For Herren skal vera ditt ljos for evig.

Dine syrgjedagar er enda.

21I ditt folk skal alle vera rettferdige,

dei skal eiga landet til evig tid.

Dei er ei plante i min hage,

eit verk eg har gjort til mi ære.

22Den minste skal verta til tusen,

den ringaste til eit mektig folk.

Eg er Herren,

og eg lèt det henda,

brått, i si tid.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help