Esekiel 36 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Profeten talar til Israels-fjella

1Du menneske, tal profetord mot Israels-fjella og sei: Høyr Herrens ord, de Israels-fjell!

2Så seier Herren Gud: Fienden har ropa spottord mot dykk og sagt: «Dei gamle haugane har vorte vår eigedom.»

8Men de, Israels-fjell, skal få greiner og bera frukt for Israel, folket mitt. For dei kjem snart.

9Sjå, eg kjem til dykk og vender meg til dykk; no skal de verta dyrka og tilsådde.

10Eg lèt det verta folksamt på dykk når heile Israels-ætta kjem. I byane skal det bu folk, og det som ligg i røys, skal byggjast opp att.

11Eg lèt både folk og fe aukast hjå dykk. Dei skal veksa og aukast. Eg lèt det bu folk hjå dykk som i gamle dagar, og eg gjer vel imot dykk, meir enn i den fyrste tid. Då skal de sanna at eg er Herren.

12Eg lèt menneske, mitt folk Israel, ferdast over dykk. Dei skal leggja deg, land, under seg, så du vert deira eigedom. Og du skal aldri meir gjera dei barnlause.

13Så seier Herren Gud: Dei seier at du er ein menneskeetar som tek borna frå ditt eige folk.

14Difor seier Herren Gud: Du skal ikkje eta menneske meir og ikkje ta borna frå folket ditt.

15Eg lèt deg ikkje lenger høyra spottord frå andre folkeslag, og du skal ikkje måtta tola at folk hånar deg, når du ikkje meir tek borna frå folket ditt, lyder ordet frå Herren Gud.

Eit nytt hjarta og ei ny ånd

16Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

17Menneske, då israelittane budde i landet sitt, gjorde dei det ureint med sitt liv og sine gjerningar. Deira åtferd var for meg som ureinskapen hjå kvinna når ho har sine tider.

24Eg hentar dykk frå folkeslaga, samlar dykk frå alle landa og fører dykk heim til dykkar eige land.

31Då skal de tenkja på dykkar vonde ferd, på alt de gjorde som ikkje var godt. De skal kjenna avsky for dykk sjølve, fordi de synda og gjorde så mykje stygt.

37Så seier Herren Gud: Endå ei bøn vil eg høyra og oppfylla for Israels-ætta: Eg gjer folket talrikt som ein saueflokk.

38Som flokken av offerdyr, som sauene i Jerusalem på høgtidsdagane, så skal ei mengd med menneske fylla dei byane som låg i røys. Og dei skal sanna at eg er Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help