1Paulus, som etter Guds vilje er Jesu Kristi apostel, og Timoteus, bror vår, helsar Guds kyrkjelyd i Korint og alle dei heilage i heile Akaia. Takk til Gud som gjev trøyst
3Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, den Far som er rik på miskunn, den Gud som har all trøyst å gje. Forsvar mot kritikk
12For det kan vi rosa oss av og seia med godt samvit: Vi har ferdast her i verda, og ikkje minst mellom dykk, i ein heilagdom og reinleik som er av Gud. Vi har ikkje late oss leia av menneskeleg visdom, men av Guds nåde.
15I tillit til dette var det at eg ville koma til dykk fyrst, så de endå ein gong skulle få oppleva nåden.
16Eg ville vitja dykk både på ferda til Makedonia og på vegen attende derifrå, og så kunne de gje meg det eg trong på ferda til Judea.
17Var dette ansvarslaus framferd? Eller legg eg planar ut frå menneskelege omsyn, så eg seier både ja og nei på same tid?
18Så visst som Gud er trufast: Det vi seier til dykk, er ikkje samstundes ja og nei.
23Eg tek Gud til vitne – han som rår for livet mitt: Det er for å spara dykk at eg enno ikkje er komen til Korint.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.