Salmane 14 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Mennesket utan Gud

1Til korleiaren. Av David.

Dåren seier i sitt hjarta:

«Det er ingen Gud.»

Vonde og stygge er deira gjerningar,

det finst ikkje ein som gjer godt.

2Frå himmelen skodar Herren

ned på menneska.

Han vil sjå om det finst nokon vitug,

nokon som søkjer Gud.

3Alle er komne på avveg,

alle er dei vonde.

Det finst ikkje éin som gjer godt,

ikkje ein einaste.

4Skjønar dei då ingen ting,

desse ugjerningsmennene?

Dei sluker mitt folk,

som ein et opp brød,

og kallar ikkje på Herren.

5Men dei skal skjelva av redsle,

for Gud er med den rettferdige ætt.

6Gjer berre stakkarens plan til skammar!

Hjå Herren finn han livd.

7Å, gjev det må koma

frelse for Israel frå Sion!

Når Herren vender lagnaden for sitt folk,

skal Jakob jubla og Israel gleda seg.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help