1Men Gud kom i hug Noah og alle villdyra og alle husdyra som var med han i arka. Og Gud lét ein vind blåsa over jorda, og vatnet tok til å siga.
2Kjeldene i havdjupet og lukene på himmelen stengdest, og regnet frå himmelen stogga.
5Og vatnet minka meir og meir heilt til den tiande månaden. Den fyrste dagen i den tiande månaden synte fjelltoppane seg.
6Då førti dagar var lidne, opna Noah den luka han hadde laga på arka,
7og sleppte ut ein ramn. Han flaug att og fram til dess vatnet hadde turka bort frå jorda.
8Så sende Noah ut ei due; han ville sjå om vatnet hadde sige unna frå marka.
9Men dua fann ingen stad der ho kunne kvila foten sin, og kom attende til han i arka; for det stod vatn over heile jorda. Han rette ut handa, greip dua og tok henne inn til seg i arka.
10Han venta sju dagar til og sende så dua ut att or arka.
11Då det leid til kvelds, kom dua til han med eit grønt oljeblad i nebben. Då skjøna Noah at vatnet hadde sige bort frå jorda.
12Men han venta endå sju dagar. Så sleppte han ut dua, og då kom ho ikkje att meir.
13I det året Noah fylte 601 år, den fyrste dagen i den fyrste månaden, hadde vatnet turka bort frå jorda. No tok Noah taket av arka, og då han såg utover, var jorda turr.
14Den tjuesjuande dagen i den andre månaden var ho heilt turr.
15Då sa Gud til Noah:
16«Gå ut or arka, du og kona di og sønene og sonekonene dine med deg!
17Ta med deg alle dyra som er hjå deg, alt som lever, både fugl og fe og alt krypet som krælar på jorda! Dei skal yrja på jorda og alast og aukast.»
22Så lenge jorda står,
skal sånad og skurd, kulde og hete,
sommar og vinter, dag og natt
aldri ta slutt.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.