Jakob 3 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Tunga må styrast

1Mine brør! Ikkje mange av dykk bør verta lærarar; for de veit at vi skal få dess strengare dom.

3Vi legg beisel i munnen på hesten så han skal lystra oss, og då kan vi styra heile hesten.

4Ja, jamvel store skip som vert drivne av sterke vindar, kan styrast med eit lite ror dit styrmannen vil.

5Sameleis er det med tunga: Ho er ein liten lem, men kan skryta av store ting. Tenk på at ein liten eld kan setja den største skog i brann!

6Men tunga er òg ein eld. Som ei verd av vondskap har ho sin plass blant lemene våre. Ho smittar heile lekamen og set livsens hjul i brann, men vert sjølv sett i brann av helvete. Sann og falsk visdom

13Er nokon av dykk vis og vitug, må han syna det i gjerning, i eit rett liv merkt av den tolsemd som visdomen gjev.

14Men ber de på bitter misunning og sjølvhevding i hjarta, då har de ikkje noko å rosa dykk av. Lyg ikkje mot sanninga!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help