1David rømde frå Nevajot ved Rama. Han kom til Jonatan og sa: «Kva har eg gjort? Kva vondt og gale har eg gjort mot far din, sidan han vil ta livet av meg?»
2Jonatan svara: «Langt ifrå! Du skal ikkje missa livet! Far min gjer då aldri noko, anten stort eller smått, utan at han lèt meg få vita det. Kvifor skulle han då dølja dette for meg? Nei, det er ikkje så.»
3Men David svara med ein eid: «Far din veit godt at du har godvilje for meg. Difor tenkjer han: Dette må ikkje Jonatan få vita; det ville gjera han vondt. Men så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Det er berre eit steg mellom meg og døden.»
4Då sa Jonatan til David: «Alt det du ynskjer, skal eg gjera for deg.»
5David svara: «I morgon er det nymånedagen. Då skulle eg sitja til bords med kongen. Men gjev du meg lov til å fara, går eg og gøymer meg ute på marka til tredje kvelden.
18Sidan sa Jonatan til han: «I morgon er det nymånedagen, og dei kjem til å sakna deg når dei ser at plassen din er tom.
19Men i overmorgon vil dei sakna deg endå meir. Då skal du gå til den staden der du gøymde deg den dagen ugjerninga skulle gjerast, og setja deg attmed steinrøysa der.
20Så skal eg skyta tre piler den vegen, som om eg skaut til måls,
21og senda guten min av stad for å finna pilene. Seier eg då til guten: Pilene ligg hitanfor deg, henta dei! så kan du koma fram. Då kan du vera trygg; så sant Herren lever, det er ingen fare.
22Men seier eg til guten: Pilene ligg bortanfor deg, så far din veg! For då vil Herren at du skal fara bort.
23Når det gjeld den lovnaden vi har gjeve kvarandre, eg og du, så er Herren for alltid vitne mellom meg og deg.»
24Så gøymde David seg ute på marka.
Saul vert harm på JonatanDå nymånedagen kom, sette kongen seg til bords og skulle eta.
25Han sat der han var van å sitja, i høgsetet oppmed veggen. Jonatan sette seg midt for han, og Abner sat ved sida av Saul; men plassen til David stod tom.
26Saul sa ikkje noko den dagen, for han tenkte: «Det har vel hendt han eitkvart, så han ikkje er rein; han har ikkje fått reinsa seg enno.»
27Men då plassen til David stod tom andre dagen òg, dagen etter nymåne, då sa Saul til Jonatan, son sin: «Kvifor har ikkje Isai-sonen kome til måltidet anten i går eller i dag?»
28Jonatan svara: «David bad meg om lov til å fara til Betlehem.
29Kjære, lat meg få fara, sa han, for ætta vår held offerfest der i byen, og bror min har bede meg koma. Har du godvilje for meg, så lat meg få fara heim og helsa på frendane mine! Såleis har det seg at han ikkje er komen til bordet åt kongen.»
30Då vart Saul brennande harm på Jonatan og sa til han: «Du son til ei ring og trassig kvinne! Var det ikkje det eg visste at du har valt deg ut denne Isai-sonen, til skam for deg sjølv og til skam for mor di som fødde deg!
31Så lenge Isai-sonen er til på jorda, står korkje du eller kongedømet ditt trygt. Send bod og henta han hit til meg; han skal døy!»
32Jonatan svara: «Kvifor skal han døy? Kva gale har han gjort?»
33Men Saul svinga spydet og ville renna det gjennom han. Då skjøna Jonatan at far hans ville drepa David. 18,11
34Han reiste seg frå bordet, harm i hugen, og smaka ikkje mat den andre nymånedagen. Han hadde vondt av David, fordi far hans hadde spotta han.
David skil lag med Jonatan35Morgonen etter gjekk Jonatan ut på marka på den tid han hadde avtala med David, og han hadde ein smågut med seg.
36Han sa til guten: «Spring og finn dei pilene eg skyt!» Medan guten sprang av stad, skaut han ei pil bortom han.
37Og då guten kom til den staden der ho låg, den pila Jonatan hadde skote, ropa Jonatan etter han: «Ligg ikkje pila bortanfor deg?»
38Og så ropa han: «Skunda deg, ver snar, stå ikkje der!» Guten tok opp pila og kom til husbonden sin.
39Han skjøna ingen ting. Det var berre Jonatan og David som visste kva dette hadde på seg.
40Så gav Jonatan våpna sine til guten og sa til han: «Gå inn til byen med dette!»
41Då guten hadde gått, kom David fram frå gøymestaden bak steinrøysa og kasta seg til jorda; tre gonger bøygde han seg. Så kyste dei kvarandre og gret, dei to.
42Og Jonatan sa til David: «Far i fred! Når det gjeld det vi to har svore einannan i Herrens namn, skal Herren for alltid vera vitne om pakta mellom meg og deg og mellom mi ætt og di ætt.»
43Så tok David ut og fór sin veg, og Jonatan gjekk heim til byen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.