Salmane 81 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Til lauvhyttehelga

1Til korleiaren. Etter Gittit.

Av Asaf.

2Rop av fryd for Gud, vår styrke,

lat hyllingsrop ljoma for Jakobs Gud!

3Lat songen stiga og handtrommer lyda

til fagre tonar frå lyre og harpe!

4Blås i horn på nymånedagen

og ved fullmåne, på vår høgtidsdag.

5For det er ei føresegn i Israel,

eit påbod frå Jakobs Gud,

6ei lov som han gav til Josefs ætt

då ho drog ut or Egypt.

Eg høyrer ei ukjend røyst:

7Eg fria hans aksel for børa,

hans hender slapp fri frå berekorga.

8Du ropa i di naud, og eg berga deg;

eg svara deg, løynd i toreskya,

og prøvde deg ved Meriba-vatnet. Sela

9Høyr, mitt folk, eg formanar deg!

Israel, gjev du ville høyra på meg!

10Du skal ikkje ha nokon framand gud,

du skal ikkje tilbe andre gudar!

11Eg er Herren din Gud,

som førte deg opp frå Egypt.

Lat munnen opp, så fyller eg han!

12Men folket mitt høyrde ikkje på meg,

Israel ville ikkje lyda meg.

13Så lét eg dei fara, forherda som dei var;

og dei fylgde sine eigne planar.

14Gjev mitt folk ville høyra på meg,

gjev Israel ville gå på mine vegar!

15Snart skulle eg kua deira fiendar

og retta mi hand mot deira motstandarar.

16Dei som hatar Herren, må krypa for han,

deira ulukketid skal alltid vara.

17Men deg vil eg fø med den beste kveite

og metta med honning frå fjell.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help