Job 41 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Ingen er vel så vågal

at han torer terga krokodillen.

Kven kunne stå seg mot han?

2– Kven gav meg noko fyrst,

så eg laut gje han att?

Alt under himmelen er mitt. –

3Eg vil ikkje teia om krokodillens lemer,

kor sterke dei er, og kor fint dei er bygde.

4Kven kan få hol på hans ytre ham

eller trengja igjennom hans doble panser?

5Kven torer opna gapet på han?

Hans tenner vekkjer redsle.

6På ryggen har han rader av skjold,

godt attlatne som med segl.

7Tett ligg det eine innåt det andre,

ikkje ein pust kjem inn mellom dei.

8Skjolda heng fast i hop,

dei grip inn i kvarandre og kan ikkje skiljast.

9Når han nys, blinkar eit ljos,

augo hans strålar som morgonroden.

10Logande eld fer ut or hans gap,

det sprutar gneistar frå det.

11Or naseborene kjem det røyk

som frå ei oppheta, kokande gryte.

12Pusten hans set kol i brann,

ein loge står ut or hans gap.

13Stor styrke har han i nakken,

og redsla hoppar føre han.

14Valkane under halsen hans er faste,

dei sit som støypte og rører seg ikkje.

15Hjarta hans er fast som stein,

som den nedste steinen i kverna.

16Når han reiser seg, må kjemper fæla,

dei går frå sans og samling av redsle.

17Om sverdet råkar han, bit det ikkje,

og heller ikkje kastevåpen, spyd eller pil.

18Han aktar jern som var det strå

og bronse som morkna tre.

19Ei pil kan ikkje jaga han på flukt,

stein frå slyngja er som halmstrå for han.

20Ei klubbe reknar han òg for halm,

han berre ler åt susande kastespyd.

21Under buken har han kvasse taggar,

som ein treskjeslede lagar han far i gjørma.

22Han set djupet i kok som ei gryte,

lèt havet skumma som ein kjele med salve.

23Bak han går det ein lysande stig,

det ser ut som om djupet har sølvhår.

24Hans make finst ikkje her på jord,

skapt som han er utan reddhug.

25Alt som er høgt, ser han i auga,

han er ein konge over alle stolte dyr.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help